Publisert: 06.05.2020 Oppdatert: 08.05.2020
– Live-kameraet frå laksefella er eit tilbod som mange har sett pris på. No er kvaliteten oppdatert til 2020-standard, fortel prosjektleiar Øystein Skaala.
Sjå direktevideo i botnen av saka.
Laksefella i Etne er ei unik forskingsplattform der vi registrerer blant anna lengd, vekt, kondisjon, alder og DNA hos tilnærma all laks og sjøaure som vandrar opp i elva.
Den gjer at HI får absolutte tal for lokal villfisk og rømt oppdrettsfisk, i tillegg til annan viktig data.
I førre veke kunne forskarane rapportere om det lågaste registrerte talet rømt oppdrettsfisk i fella si driftstid. (Les saka: Færre rømlingar i laksefella i Etneelva)
– Fella står plassert i ei av fiskesonene i elva. Vi er avhengige av godt lokalt samarbeid og at befolkninga, sportsfiskarar og grunneigarar kjenner eigarskap til prosjektet, seier Skaala.
Med live-kameraet kan alle som vil, bokstavleg talt fordjupe seg på livet under vatn i Etne-elva.
Både årets første laks og årets første sjøaure har gått opp i elva. Men dei har ikkje fått selskap endå.
– Desse gjekk begge opp 3. mai. Det har ikkje kome fleire, for det er enno tidleg. Snart startar hovudoppvandringa med dei største og eldste fiskane først, veteranane. Er du heldig, får du sjå dei direkte, seier Skaala.
Det er likevel travle tider for fisk og forskarar. All smolten, det vil seie unge lovande laksar og sjøaurar, skal finne vegen nedover elva før dei tar fatt på eit liv i saltvatn. Sjøauren skal gjere seg kjent langs strendene i Hardangerfjorden, mens etnelaksen skal på langtur i Norskehavet.
Nøyaktig kva tid smolten vandrar ut av elva er eit omdiskutert tema som Etne-fella er med å gi svar på.
– HI overvakar kor mykje lakselus som er langs kysten til ei kvar tid. For at vi i neste omgang skal kunne berekne kor hardt råka laksesmoltane blir av lusa og andre farar i fjorden, må vi vite i kva grad dei overlappar i tid og rom, forklarar Øystein Skaala.
Forskarane har derfor fått seg ei eiga felle berekna på smolt på veg ut av elva.
– Der merkar vi dei med eit elektronisk merke. Om laksesmoltane veks opp og vender tilbake til elva for å gyte, fangar vi dei opp når vi skannar fiskane i fella. Dette gir oss viktig kunnskap om overleving og tilvekst i havet, seier Skaala.
Neste ledd i oppgraderingane av feltstasjonen blir ein fototunnel der kvar fisk tar ein avansert «selfie» på veg opp i elva.
– Sidan vi også samlar inn omfattande data på dei same fiskane manuelt, er målet å kunne trene opp ein kunstig intelligens til å kjenne att rømt oppdrettsfisk, telje fisk og berekne lengd og vekt automatisk. Dette skal vi starte med i løpet av sommaren, fortel forskaren.
PS: Du finn alltid direktevideoen og meir elve-data på hovudsida for Etne-fella.