Gå til hovedinnhold

Økologiske kystinteraksjoner og biologisk mangfold

Sjømil

Havforskingsinstituttet gir i databasen SJØMIL tilgang til målinger over tid for blant anna temperatur, saltinnhald, fiskeriressursar og tidsseriar om fiskeristatus frå det internasjonale råd for havforsking, ICES.

Sjømil

NorMar

NorMar er ein øksosystembasert database for Noreg, Island, Færøyane og tilstøtande område. Databasen inneheld data om fysisk oseanografi, toktdata frå forskingstokt og fiskeridata lagra på eit 0.25 breddegrad x 0.5 lengdegrad regulært grid. Kartklienten tilbyr data frå fiskeri og forskingstokt for ulike fiskearter. Karta kan lagrast eller skrivast ut som pdf.

Normar

BarMar

BarMar er ein økosystembasert database for Barentshavet og tilstøtande område. Databasen inneheld data om fysisk oseanografi, toktdata frå forskingstokt og fiskeridata lagra på eit 25x25 km2 regulært grid. Kartklienten tilbyr utbreiingskart for ulike fiskearter og oversiktskart for salinitet og temperatur. Karta kan lagrast eller skrivast ut som pdf.

Barmar

Mareano

Kartklienten tilbyr ei rekke ferdige kart, men lar også brukaren komponere eigne kartbilde ved å sette saman kartlag. Karta kan skrivast ut i passande format eller lagrast som eit bilde på eigen pc. MAREANO er eit botnkartleggingsprogram der Havforskingsinstituttet er ein av partnarane, og både data som vert samla inn og andre relevante datasett blir formidla på kartklienten.

Mareano

Geodata

Kartklienten viser temadata Havforskingsinstituttet forvalter, og som er tilgjengelege som WMS og WFS. Temadataa er organiserte i forskjellige grupper (artsfordeling fisk og sjøpattedyr, habitat og biotop, oseanografiske/geografiske forhold). I løysinga kan du se utbreiingskart for fisk og sjøpattedyr, korallrev og korallrevområde, og overflatehavstraumar. Løysinga inneheld enkle funksjonar for navigering, moglegheiter for å endre rekkefølge på lag innanfor grupper og endre gjennomsiktighet på laga.

Geodata