Hopp til hovedteksten
semb
Erik Kjærner-Semb.
Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Kjønnsmodning på fire minutt

I Forskar grand prix får HI-stipendiat Erik Kjærner-Semb fire minutt på å servere doktorgraden sin. Veka etterpå gir han fullversjonen i disputas.

– Eg skal fortelje om korleis vi fann det bestemte genet VGLL3 i laksen sitt kromosom 25. Eller genet som styrer kva tid laksen blir kjønnsmoden, seier Erik Kjærner-Semb.
 
I tre år har 28-åringen forska på laksegen med HI-forskarane Anna Wargelius, Rolf Edvardsen og Kevin Glover. I juni leverte han avhandlinga si, som no er utgangspunkt for grand prix den 27. september. Veka etterpå, den 6. oktober, gir han fullversjonen i sin disputas.
 
– Det gjekk akkurat. Du kan ikkje ha disputert for å vere med i Forskar grand prix. No har eg med andre ord travle dagar, seier han, på veg til å halde prøveforelesing om dupliserte kromosom hos beinfisk.

Fødd sånn og/eller blitt sånn

Tidleg kjønnsmodning er eit problem for oppdrettsnæringa. Det gir lågare vekst, dårlegare immunforsvar og dårlegare kjøttkvalitet. Om rømt oppdrettsfisk er kjønnsmoden, er det også større fare for at han kan fortrenge eller blande seg med villaks.
 
– I dag kan oppdrettarar til ein viss grad bruke miljøfaktorar, som lys og temperatur, til å styre kjønnsmodninga. Men stigande havtemperatur gir tidlegare kjønnsmodning. Om du kan påverke kjønnsmodningsgenet, kan du for eksempel kompensere for varmare hav, fortel Kjærner-Semb.
 
Men at det kan vere nyttig for næringa, er ein bonus. Erik ser først og fremst på oppdaginga av genet som viktig for vitskapen.
 
– Ofte speler gen saman i kompliserte prosessar. Mellom to grupper laks, éi med tidleg kjønnsmodning og éi med sein, ser vi heilt tydeleg skilnad i akkurat dette genet. Det er sjeldan du kan forklare ein eigenskap så klart. Truleg kan oppdaginga overførast til annan fisk, og kanskje også menneske. Men det må forskast meir på, understrekar han.

Vil gå djupare

Og forske meir vil han. Doktorgrads- og grand prix-kandidaten har no søkt på ei prosjektstilling som skal gå vidare med laksegenforskinga han sjølv har vore del av.
 
– Målet er å finne ut meir om sjølve mekanikken, timingen for kva tid kjønnsmodningsgenet slår seg på, og korleis vi kan påverke det, seier han.
 
Erik Kjærner-Semb studerte bioteknologi ved Universitetet i Tromsø. Det var først på Havforskingsinstituttet at han pensa seg inn på fisk. Får han anledning, går han gjerne endå djupare i materien på sikt.
 
– Det er mykje snakk om såkalla mesopelagisk fisk, den som lever ned mot 1000 meters djup. På djupet er det haugevis med spennande artar, og mange veit vi ikkje om ein gong. Der finn du spesielle eigenskapar og spesialtilpassing. Det ligg masse interessant genom der nede. Kanskje kjelder til ny medisin, seier Kjærner-Semb

Håper på meir tid

I grand prix får både publikum og dommarpanelet stemme vidare tre kandidatar til finalen. Finalistane får fire nye minutt til å fortelje meir.
 
– Då blir det meir om sjølve metoden. Om korleis vi fekk skjelprøver frå sportsfiskarar, delte laksen inn i to grupper ut frå om dei kom heim til elva etter eitt eller tre år, og om korleis vi henta ut fleire terrabyte med data frå DNA-et, seier han.
 
Vil du høyre meir, må du dukke opp og heie på Erik Kjærner-Semb i Forskar grand prix 27. september på Kronstad (Høgskulen på Vestlandet). Billettar og detaljar: forskningsdagenebergen.com/portfolio-item/forsker-grand-prix-2017

Kontaktpersoner

Erik Kjærner-Semb
938 15 437