Publisert: 09.08.2022
Ved å slå av eit spesielt gen med CRISPR-metoden, har HI-forskarar tidlegare laga verdas første laks utan kjønnsceller. Formålet har vore å utvikle ein oppdrettslaks som ikkje kan pare seg med villaks dersom han rømmer.
No har forskarane følgt slike laksar gjennom heile livet (ein såkalla produksjonssyklus) for å samanlikne vekst, teikn på velferd og omega3-innhald med vanleg oppdrettslaks.
– Vi fann ingen skilnader i kroppsstorleik, smoltifisering, stressmarkørar, hjartestorleik eller førekomsten av skjelettmisdanningar, seier forskar Lene Kleppe.
Den sterile laksen hadde også lik mengd sunne omega-3-feittsyrer som den vanlege oppdrettslaksen.
Det forskarane derimot såg, var at vanleg laks begynte å vekse fortare enn den sterile laksen mot slutten av forsøket. I tillegg fekk han større lever.
– Dette er tidlege teikn på kjønnsmodning. Det ønsker du generelt å unngå i oppdrett, ikkje berre fordi kjønnsmoden fisk på rømmen kan pare seg med villfisk, forklarer Kleppe.
Fisk som blir kjønnsmoden, blir meir mottakeleg for sjukdom og kan dermed få dårlegare velferd.
Dei får også dårlegare kvalitet på kjøtet fordi dei brukar energi på kjønnsmodninga. I oppdrett gjer kjønnsmodning at laksen må slaktast, sjølv om det var før planen.
Særleg i lukka oppdrettsanlegg på land er tidleg kjønnsmodning eit problem. Men der kan oppdrettarane til ein viss grad bruke lys og temperatur for å forhindre det.
– Det aller greiaste vil vere å utelukke kjønnsmodning fullstendig hos oppdrettslaksen, seier Lene Kleppe.
– No har vi vist at kjønnscellefri laks stort sett er lik vanleg laks, men har den klare fordelen at den aldri blir kjønnsmoden, avsluttar ho.
Førebels er den genredigerte laksen berre produsert til forsking i laboratorium. I Norge er den definert som genmodifisert, og strengt regulert av genteknologilova (sjå faktaboks).
Havforskingsinstituttet er verdsleiande i å utvikle metodar for å bruke CRISPR til genredigering av laks. Les meir på våre temasider.
Kleppe, L., P. G. Fjelldal, E. Andersson, T. Hansen, M. Sanden, A. Bruvik, K. O. Skaftnesmo et al. "Full production cycle performance of gene-edited, sterile Atlantic salmon-growth, smoltification, welfare indicators and fillet composition." Aquaculture (2022): 738456
Lenke: https://doi.org/10.1016/j.aquaculture.2022.738456