Gå til hovedinnhold

Barentshavet: Tilrår torskekvote på opptil 566.784 tonn i 2023


Bilde av skreifangst

Torsken i Barentshavet har lagt bak seg de gode årene for denne gang.

Fotograf: Kjartan Mæstad / HI

Det er 20 prosent lågare enn året før og lågast sidan 2009.

Tysdag legg den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet fram sine kvoteråd for nordaustarktisk torsk (skrei), nordaustarktisk hyse og snabeluer for 2023.

– Torskebestanden er på veg nedover, men vil truleg stabilisere seg om råda blir følgde, seier Bjarte Bogstad.

Han er bestandsansvarleg for nordaustarktisk torsk ved Havforskingsinstituttet og del av den norsk-russiske forskargruppa som gir dei bilaterale råda i år. 

(Les kvifor det ikkje går via det internasjonale havforskingsrådet ICES: – Eit tilnærma normalt kvoteråd)

Er godt forbi toppen

Forskarane anslår at gytebestanden av torsk no er på rundt 800 000 tonn, det lågaste sidan 2008. I mellomtida har torsken hatt nokre gode år, med ein historisk topp i gytebestanden i 2013 på 2,3 millionar tonn.

Forskarane meiner det ikkje bør fiskast meir enn 566 784 tonn i 2023. Det er 20 prosent mindre enn i 2022. Også i fjor var reduksjonen på 20 prosent frå året før.

– Nedgangen i kvoterådet blir stogga av ein forvaltningsregel som seier at kvoten ikkje kan bli sett ned meir enn 20 prosent, fortel Bogstad.

Forvaltningsreglen på maks 20 prosent nedgang skal sikre nokonlunde stabilitet for fiskarane, men utan å gå på bekostning av eit berekraftig, langsiktig fiskeri.

Ein kvote på 566 784 tonn vil vere den lågaste sidan 2009.

Skal truleg endå litt ned

Bestanden har blitt redusert kvart år sidan 2013, og forskarane varsla vidare nedgang seinast ved fjorårets kvoteråd

– Vi må rekne med noko vidare nedgang også til neste kvoteråd før utviklinga flatar ut, seier Bogstad.

– Torsken i Barentshavet er framleis ein stor og viktig bestand, men det er ikkje lengre eventyrlege tilstandar, fortset han.

Ganske uendra for hyse og snabeluer

Forskarane tilrår ein kvote for nordaustarktisk hyse på opptil 170 067 tonn, som er ein nedgang på 5 prosent frå kvoten for 2022.

For snabeluer meiner dei det er trygt å fiske opptil 66 779 tonn i 2023 og 70 164 tonn i 2024.

Råda for snabeluer er omlag på same nivå som for 2021-2022.

Norske og russiske myndigheiter set dei endelege kvotane gjennom den norsk-russiske fiskerikommisjonen som vanleg.