Gå til hovedinnhold

– Krig og konflikt er ein joker i systemet

Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø held årets havtale. 

I 125 år har Havforskingsinstituttet overvaka hava, samla data og bygd kunnskap om dei marine økosystema. 

Årets havtale er ein jubileumstale, der havforskingsdirektøren trekk linjene bakover, gjer opp status og peiker framover.

– Krig og konflikt er ein joker i systemet som vi i langt større grad må forholda oss til, sa havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.

Det ikkje er nok å skjøne biologien, havstraumane og temperaturskifta for å gje råd til samfunnet, meiner han. Rådgjevinga må også romme dilemma og risiko på ein god måte.

– Då handlar det om å visa konsekvensane, tala i klart språk og gjera tilgjengeleg for alle både råd og kunnskapen som ligg til grunn.

Her ser du havtalen:

Her kan du lese ho:

Kva bygger ein nasjon? 

Å bryta nytt land og reisa industri? Innovasjon og teknologiske gjennombrot?  
Ja, sjølvsagt. Det er viktig.   

Men det som først og fremst bygger ein nasjon er naturen, landskapet og ressursane vi får herifrå.  
Utan det er vi lite eller ingenting.  

Noreg har ei lang og snirklete kystlinje, djupe fjordar, lun skjergard og store, ville havområde.  
Noreg er ein havnasjon i ordets rette betydning. Vi har så mykje meir hav enn vi har land.   
Havet og alt det gir oss har prega oss som folk. Vi vender oss alltid til havet. For alt byrjar i det livgivande havet. Kva er vi utan det?  

No sit de tilbake med eitt stort spørsmål.  
Korleis i hulaste har han tenkt å koma seg vidare frå den patos-tunge innleiinga?  
Jau. Det skal eg fortelja dykk. Eg går rett på sak.  

Kjære kollegaer  
Kjære vener av HI og vener av havet 
Velkommen til havtalen 2025 – den sjuande i rekka! 

I 125 år har Havforskingsinstituttet – HI – vore ein del av historia om Noreg. Som er historia om havet. Derav store ord, som dei eg starta med. Men eg lovar. Fortsettinga er – i hovudsak –  meir nedpå.   

Havforskingsinstituttet sprang i si tid ut av eit sterkt behov for å forstå fiskens komme og ikkje komme. Kva gode krefter eller høgare makter var det som bestemte om silda eller torsken kom i rikt fold inn til kysten? Godt sildefiske kunne bety skilnaden på liv og død. Det var eksistensielt – i ordets enklaste betydning.

Mytiske forklaringar måtte etter kvart vika for vitskaplege undersøkingar. Det blei ei statleg sak å finna ut av den lunefulle ressurstilgangen. På den måten tok staten også ansvar for befolkninga.  

I løpet av dei langt over 100 åra som er gått har vi bygt ein vanvitig marin kunnskapsbank. Og internasjonalt blir det sagt look to Norway – og om eg får lov – to The Institute of Marine Research. Fordi Noreg har hatt ei hav – og kystforvaltning  i verdsklasse.  

Og likevel  
også i 2025 undrar vi oss om fiskens komme eller ikkje komme.  

Og det er ikkje fordi vi har gjort dårleg arbeid tidlegare. Det handlar om at dei svara som var gyldige i går, dei gjeld ikkje på same måte  i dag. For verda endrar seg. Og det skjer fort. Vi må altså spørja på nytt eller rettare sagt på nye måtar. Det skal eg koma tilbake til.

Ein 125-åring kan altså tillata seg å snakka i litt store ord. Spørja dei store spørsmåla.  

Kva treng vi menneske for å leva? Det begynner med det første andedraget.
Havet er klodens eine lunge. Det er ein enkel, men veldig talande måte å beskriva den rolla havet spelar i det som i tørr fagterminologi heiter klimasystemet. Havet regulerer og balanserer temperatur og klima på jorda, og gir oksygen.  

Lenge har vi tatt for gitt havets svalande evne. Men denne evna er under press. Havet toler ikkje alt, viser det seg.

I sommar målte vi den kraftigaste marine hetebølga på vestlandskysten på i alle fall tre tiår. Det er ingen rekord å feira. For denne bølga føyer seg inn i ein klar trend som vi også kjenner frå land: Det ekstreme kjem oftare og kraftigare  

Eg kunne ramsa opp konsekvensar i fleng, men skal nøya meg med eitt heimlege døme.

Tareskogen liker varmen dårleg og kan i verste fall visna og døy. Enkelte år har 80 prosent av den viktige sukkertareskogen i Skagerrak blitt svidd av, og erstatta av den slimete lurven. 
Framover kjem slike hendingar til å treffa oss endå hardare viss havet ikkje lenger bufrar mot klimaendringane slik vi har vore vant til. Byrjar havet å få nok med seg sjølv, ja då har vi menneske eit alvorleg problem.   

Så – med det i mente – la meg seia litt om stoda for fiskebestandane våre.   
Eg gjer det med utgangspunkt i vår aller viktigaste fiskebestand.  

Torsken i Barentshavet er ikonisk, rett og slett. De kjenner historia. Allereie på 1400-talet var skreien internasjonal merkevare. I fjor eksporterte vi torsk for nærare 12 milliardar kroner.   
På vår vakt skjer det dramatiske ting.  

Sidan toppen i 2013 har det berre gått ein veg for torsken – nedover.  
Rekrutteringa er på eit historisk botnnivå – det er færre og færre ungdomar i bestanden.  
Samtidig er ikkje torsken like produktiv som vi tidlegare trudde.  

Det er ein særs dårleg kombinasjon.  

Vi har ikkje noko svar med to strekar under som forklarar kvifor det er slik. Fiskebestandar svingar i utgangspunktet naturleg. Så er det ein klar påverknad frå klimaendringane, og størst av alt frå fiskeria.  
Desse faktorane verkar kvar for seg og påverkar kvarandre. Men kva betyr det eigentleg?

For oss på land?   

Fiskarane kan følgja etter torsk på flyttefot eit lite stykke. Industrien på land får meir omgåande problem – det er ikkje berre å ta eit fiskebruk under armen og flytta det til nye hamner. Kor fisken svømmer og kor mykje det er av han får innverknad på ilandføring, flåtestruktur og kvoteforhandlingar,  prisar og etterspørsel. Og då har vi ikkje byrja å snakka om kva det betyr for økosystema når ein nøkkelart som torsken endrar åtferd og dominans.   

Sagt med andre ord: Torsken er så veldig mykje større enn seg sjølv.

Vår nest største fiskeriressurs, makrellen, er i same uføre. I 2014 var gytebestanden til makrell rekna å vere nesten 13 millionar tonn. I år er bestanden rekna til 2,7 millionar tonn – det er under bestanden si kritiske grense. 

Eg kunne fortalt liknande historier om andre artar. 

Vi menneska har stor påverknad på det som no skjer. Men dermed har vi også moglegheit til å snu desse trendane. Bestandane har ei imponerande evne til å regenerere seg. Om dei får.   

Havforskarane skal ha koll på biologien. Det på land ligg til andre å svara for. Historia har vist oss at det ikkje er så enkelt.  

Fiskerisamarbeidet med russarane overlevde den kalde krigen. No held vi etter beste evne fast i det tynnslitne redningstauet som binder oss saman med russiske forskarkollegaer. Ryk det heilt over, kan vi alltids løysa det på kort sikt. På lang sikt er det ikkje bra at to land som deler ein bestand ikkje deler forvaltinga av den.

Krig og konflikt må inn i risikovurderinga også av våre levande marine ressursar. Vi har gjort pilotar av akkurat det. Og spenningar mellom gamle forvaltningspartnarar gir sterke utslag på livet i havet. Krig og konflikt er ein joker i systemet som vi i langt større grad må forholda oss til.  

Når de ser dei ulike forholda som påverkar dei viktigaste fiskebestandane våre; då skjønar de kvifor vi må endra vår tilnærming som rådgjevingsinstitutt. Sjå på nye måtar å stilla spørsmål på –  som eg var innom i innleiinga mi.   

For det er ikkje lenger nok å skjøna biologien, havstraumane og temperaturskifta for å gje råd til samfunnet. Sjå her – kvoten bør vera på x tonn torsk. Ferdig snakka. Takk for oss.   
Og no spissformulerer eg. Det har aldri vore berre å gje eit kvoteråd; berre så det er sagt.   

Spørsmålet er om dagens rådgjeving rommar dilemma og risiko på ein god nok måte.         
Nei. Meiner eg.  

I min førre havtale sa eg  
(...) vi må ikkje nøya oss med å setja frå oss kunnskapen vår på trappa og snu, men ta kunnskapen med oss eit steg lenger – og gå heilt inn.  

Med heilt inn meinte eg inn i det rommet der avgjerslene blir tatt.  

Og då er det motiverande å høyra statsministeren seia at vi skal vera modige og ærlege. Også når det er politisk ubehageleg.   

For vi i Havforskingsinstituttet ser kva som skjer der ute på havet. Når det skjer.  

Vi behøver ikkje venta på å bli spurt. Men presentera kunnskapen vår før heller enn seinare.   

Insistera om det trengst:  
Dette de vita.  
Dette de ta stilling til.      

Kva betyr det i praksis? 

Alle som følgjer litt med, får med seg at innimellom går det ei kule varmt. Mellom oss og fiskarane. Mellom oss og oppdrettarane. Blant andre.  

Havforskarane går for langt – ikkje langt nok, vi er for skråsikre eller vi er ikkje einige med oss sjølve.     

Vi tar til oss det som er konstruktiv kritikk.

Og vi spør oss: kunne vi gjort noko annleis? Forklart betre? Vist kva som står på spel – ulike scenario?  

Og då er eg i kjernen av det eg vil ha sagt. Framover skal vi gje råd på ein annan måte. Slik at råda våre gir endå større verdi til samfunnet.    

Og slapp av. Ingen revolusjon på gang. Enno i alle fall.  

Dei i hermeteikn enkle råda – råda som i stor grad baserer seg på kjende storleikar – dei skal vi i mykje større grad få automatisert. Her er teknologien på vår side.  

Denne effektiviseringa vil frigjera meir tid og kompetanse til dei store spørsmåla. Der samfunnet blir stilt overfor dilemma og må vekta ulike omsyn. Målkonfliktar. Ta berre det grøne skiftet. Havvind versus fisk. Mineralbehov versus naturverdiar i djuphavet. Og så vidare. Det er kostnader uansett kva valet blir; men med scenariobaserte råd skal i alle fall ingen kunna koma å seia at dei ikkje vart advart. Når det går åt tareskogen...      

Blei det i overkant mørk og pessimistisk no? Tru meg; det er ikkje meininga. For denne måten å gje råd på vil også visa løysingar og positive effektar av ulike tiltak.  

Eg trur diskusjonane blir betre med gode, pedagogiske beskrivingar av kva vi risikerer å tapa og kva vi kan vinna om vi går for  
scenario A,  
B  
eller C  

Det vil ansvarleggjera oss forskarar, forvaltinga og ikkje minst politikarane i større grad. For samfunnet blir det klarare kva risiko politikarane faktisk er villig til å ta – eventuelt ikkje ta.  

Og ja: eg veit. Det er eit minefelt som heiter rolleforståing. Og her blir statlege direktørar som meg gitt eit ganske grovmaska kart å navigera etter  

– denne ruta er trygg, men du gjer klokast i å halda deg unna her, der og der. Ja og eigentleg heile det området også bør du unngå.    
Men – du kan også koma deg gjennom utan å gå på ei mine. 

Skal du då vera modig og kjempa deg gjennom?

Eller køyra heilt safe og 
gå utanom?   

Politikarane har siste ordet. Sjølvsagt. Men eg trur vi som samfunn har alt å tena på at politikarane får våre råd presentert på ein annan måte. At vi jobbar fram langt meir reelle avgjerdsgrunnlag – som talar til og blir forstått av fleire enn dei som sit og bestemmer.

Då handlar det om å visa konsekvensane, tala i klart språk og gjera tilgjengeleg for alle både råd og kunnskapen som ligg til grunn. Og igjen her kjem teknologien oss bi når vi skal utvikla betre og fleire tenester.  

Det ligg i DNA-et til Havforskingsinstituttet at vi skal finna ut av ting og søkja løysingar. Derfor er det eigentleg heilt fint at i ein alder av 125 år så er det på’an igjen.  
På ‘an igjen med ny metodikk og ny teknologi. På’an igjen med dei same spørsmåla men frå ein ny ståstad.  

også vi ta innover oss at vi har begrensa med tid på å løysa dei store utfordringane. Vi må læra å leva med at den siste runden – ekstrarunden der vi  forfinar og dobbelsjekkar – den får av og til vera.  

Og det er sikkert: Det er veldig givande å vera i eit miljø som har denne trongen til stadig å vita meir. Nokon gonger givande på grensa til det utmattande. Når forskarhovuda legg seg hårfint til sida. Dreg på det, og seier: det er ikkje fullt så enkelt.  

Nei, det er ikkje fullt så enkelt. Men det er ikkje fullt så vanskeleg heller.  

Godt nok og i tide er mykje betre enn eksellent, men for seint.   

Så. I dette skjeringspunktet mellom det opne, søkande og det trygge, pålitelege skal vi levera vår kunnskap og våre råd. I god tid.  

Slik forblir vi den føretrekte kunnskapsleverandøren på hav også dei neste 125 åra.   

Takk for merksemda!