Gå til hovedinnhold

Om oss

HI-banner

Havforskingsinstituttet (HI) er eit av dei største marine forskingsinstitutta i Europa med om lag 1050 tilsette. Hovudaktivitetene våre er forsking, rådgjeving og overvaking. HI fusjonerte med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) i januar 2018. 

Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har ein avdeling i Tromsø og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen. I tillegg har vi eit eige reiarlag som har ansvar for forskingsfartøya. Desse skipa er våre viktigaste reiskapar for innsamling av marine data. Instituttet har også fleire laboratorium som analyserer prøvene frå overvakings- og forskingsprogramma.

Forsking og råd frå HI skal vere med på å leggje grunnlaget for at samfunnet også i framtida skal kunne utnytte dei store verdiane i havet på ein berekraftig måte. Vi er ein nøytral kunnskapsleverandør som skal gjere resultata av forskinga vår kjent både nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet vårt skal byggje på integritet, skaparglede, samspel og respekt. 

Havforskingsinstituttet er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet, og rundt 40 prosent av verksemda vår er finansiert av departementet. Resten blir finansiert av eksterne forskingsmidlar.

Figur som viser HIs finansieringskilder
Havforskingsinstituttet sine finansieringskjelder og kostnadsstruktur i FoU 

Vår visjon: Kunnskap og råd for rike og reine hav- og kystområde
Vår ambisjon: Vi skal vere internasjonalt leiande innan marin forsking og rådgjeving.
Våre verdiar: Alt vårt arbeid skal byggje på integritet, skaparglede, samspel og respekt.
Vårt samfunnsoppdrag: Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for ein berekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, og for heile kjeda frå hav til mat.

Les meir om Havforskingsinstituttet på sida Årsrapportar, der finn du oversikt over våre årsrapportar, tildelingsbrev og revisjonsmeldingar.

Ledige stillinger

På denne siden finner du informasjon om ev. utlyste stillinger ved instituttet.

Innkjøp

Havforskningsinstituttets innkjøpspolitikk skal sikre at lov og forskrift for offentlige anskaffelser etterleves ved alle instituttets anskaffelser. 

Partnarar og samarbeidsinstitusjonar

Vi samarbeider og er partnar i mange ulike institusjonar, forskingsprogram og nettportalar.

Arrangementer

Her finner du oversikt over kommende og tidligere arrangementer.

Historie

15. oktober 1900 regnes som Havforskningsinstituttets fødselsdag.