Gå til hovedinnhold

foto av forskningsteknikere som sorterer fisk om bord i et forskningsskip

PÅ FISKELABEN: Erlend Langhelle, Irene Huse, Anne Kari Sveistrup og Stine Karlson sorterer fangsten frå ein botntrål.

Slik sjekkar forskarane stoda for alt liv i Barentshavet

Fisk, fugl, kval, sjøpølser, plankton, radioaktivitet, mikroplast og meire til. Bli med om bord på forskingsfartøyet «G.O Sars» på det 15. økosystemtoktet i Barentshavet.

Merk: Artikkelen var først publisert i 2018, og er løfta opp att til glede for nye lesarar. 

Sidan 2004 har norske og russiske havforskarar samla inn kunnskap om Barentshavet «frå topp til tå» i det årlege økosystemtoktet. I år dekker fire fartøy dekker godt over 200 prøvetakingsstasjonar spreidd ut over havet frå Tromsø nord om Svalbard og til Novaja Semlja i aust.

Fortel kor mykje fisk som kjem

Sidan toktet dannar ein tidsserie, kan havforskarane sjå på utviklinga i det viktige havområdet. Dei har for eksempel kunne vise at fisken i Barentshavet flyttar nordover på grunn av klimaendringar.

Kvar prikk på kartet er ein såkalla stasjon der forskarane tar ulike prøver.


Toktet lar forskinga gi gode råd til styresmaktene om kor mykje av dei ulike bestandane det er forsvarleg å hauste. Kor mykje skrei og lodde som er på veg til å bli vaksne gir ein peikepinn på bestandsutviklinga i åra som kjem. Og i økosystemet heng alt i hop.

Kva gjer forskarane eigentleg på eit slikt tokt?

7. september gjekk forskingsskipet «G.O. Sars» ut frå Tromsø i den første av to etappar.

På kvar stasjon tar mannskap og forskarar ei rekke prøvar som dei blant anna brukar til å tolke bilde frå ekkoloddet.

Dei begynner enkelt og greitt med å fiske. Først ut er den pelagiske trålen. Den fangar fisk og dyr som svømmer i dei frie vannmassane.

Tar stikkprøver av årets fiskekull

– Noko av det viktigaste vi fangar i denne trålen er nullåringane. Altså torsken, hysa og lodda som blei klekte tidlegare i år. Saman med bilde frå ekkoloddet, seier fangsten noko om kor mykje avkom fisken produserte, fortel forskingsteknikar Erlend Langhelle.

– Kor mykje fisk som veks opp er viktig for dei andre artane i økosystemet og seinare for fiskeriet.

Teknikarane sorterer all fangsten i trålen. Dei tel og veg enkeltindivid. Dei må også ta ut øyresteinar, magesekkar og andre organ frå nokre av fiskane. Øyresteinen har årringar som teknikarane kan telje under mikroskop.

Forskar Irene Huse tar imot ein nullåring til frysen.

Fiskar plankton med håv

Etter den første trålen, ligg båten i ro. Mannskapet senkar to riggar til botnen og opp igjen. Vannhentaren består av ei rekke sylindrar i ei ramme med vaierar og mekanismar på kryss og tvers. Den tar med seg vatn frå ulike, forhandsbestemte djup til overflata.

Frå denne tapper teknikarane små flasker som dei analyserer på land. Då finn dei kor mykje klorofyll, eller planteplankton, det er i vannlaga. Planteplanktonet er grunnlaget for alt anna liv i havet.

Den andre riggen er ein finmaska håv som fangar dyreplanktonet. Nummer to i næringskjeda.

Slike "skålar" med raudåte set forskarane i stand til å rekne ut kor mykje det er av desse viktige dyra i havet.


– Vi siler fangsten gjennom tre ulike filter for å sortere dyra etter størrelse. Dei minste «prikkane» er kopepodar som raudåte. Dei større dyra er pilorm og kril, fortel teknikar Alina Rey.

Botntrål avsluttar stasjonen

På veg ut av prøvestasjonen skyter mannskapet ein botntrål. Denne fangar dyra som lever i og på havbotnen. For teknikarane kan sorteringsjobben bli formidabel.

– Vi får botnfisk som torsk, flyndre, uer og steinbit. Vi får også reker, krabbe og alle dei snåle botndyra. Bentos kallar vi denne faunaen, seier Erlend Langhelle.

Lodda opptrer i begge trålane.


For loddebestanden er toktet særleg viktig. Målingane er nemleg utgangspunktet for forskarane si utrekning av kor stor bestanden er og kor mykje det er forsvarleg å fiske. I år kunne norske og russiske fiskarar ta 205.000 tonn, mens det ikkje var loddekvote i 2017.

(LES OGSÅ: Det kan fiskes 205.000 tonn i 2018)

Driv havforsking også mot himmelen

Når skipet ikkje er på stasjon, men stimar vidare, sit det til ei kvar tid tre observatørar i styrhuset. To av dei registrerer sjøpattedyr og søppel i overflata. Sistemann tel fugl.

– Kvart tiande minutt tar eg eit mentalt skjermbilde der eg noterer dei ulike sjøfuglane framfor båten. Særleg i tider med global oppvarming er denne årlege oversikta viktig, seier fugleobservatør Trevor Charlton.

Kvalobservatør Yasmin Hunt har fortøydd svingstolen. Ho skal berre dekke babord synsfelt.

Sjekkar for radioaktivitet på utvalde hotspots

På enkelte av stasjonane, tar forskarane spesialprøver for å sjekke nivåa av forureining i vatn, havbotn og dyreliv. Denne jamlege overvakinga skal sikre at vi kun et trygg sjømat.

Med ein spesiell grabb hentar forskarane opp ein kvart kvadratmeter havbotn fint bevart i ein boks. Frå «kakestykket» tar dei ein kjerneprøve der kvart lag representerer nokre år med sedimentering, men også forureining.

– Frå kjernen kan vi finne igjen store forureningshendingar i verdshistoria. Sellafield- og Tsjernobyl-utsleppa ligg i kvar sine lag, fortel miljøkjemikar Hilde Elise Heldal.

Hilde Elise Heldal skjer ut lag av ein kjerneprøve. Desse skal ho fryse om bord, før ho tørker, maler og analyserer dei på land.


Vidare skal ho ta dei faste målingane rundt vraket av den russiske atomubåten Komsomolets. (LES OGSÅ: Sovjetisk atomubåt fortsatt en radioaktiv trussel i norsk havområde)

Gjentar prosessen 64 gonger til

Når «G.O. Sars» legg til kai i Longyearbyen etter den første av sine to etappar, har skipet vore innom 55 stasjonar. Forskarane har fått prøver av 17.000 dyr frå sjøen og skipet har lagra 2,6 terrabyte med ekkoloddbilde. I frysen ligg det lever, magesekkar, krill, mikroplastprøver, havbotn, sjøpølser og snøkrabbe.

«G.O. Sars» skal innom 64 stasjonar til før avslutting i Kirkenes i slutten av september.

Sjå mange fleire bilde frå økosystemtoktet i Barentshavet på vår facebookside.

 

Sidepanel

MX0B1551

Fakta om "G.O. Sars"

Verft: Flekkefjord Slipp og Maskinfabrikk 
Byggeår: 2003
Lengd: 77,5 m
Breidd: 16,4 m
Tonnasje: 4.067 brt
Mannskap: 15 personar
Maskineri: Dieselelektrisk, 8.100 kw
Lugarar: 19 enkle og 13 doble
Namn: Etter vår første havforskar, Georg Ossian Sars (1837-1927).
Tråling: 18 meter breidt tråldekk, fire vinsjar og plass til to sett tråldører.

Midtskips er det ein stor miljøhangar med seks vinsjar med inntil 6.000 meter kabel for seinking av ulike riggar og instrument.