Gå til hovedinnhold

To viltkamera og 10 000 bilete syner når selane tek ein pust på land


Nattsyn-bilde som syner fleire steinkobber som kviler på eit skjær.

Når mørkret hadde senka seg i Østre Bolæren, knipsa viltkameraet framleis eitt bilete i timen. Denne septembernatta var fleire steinkobber på land. 

Fotograf: Havforskingsinstituttet

Billeg utstyr kan gje verdifull data.

Vanlegvis vert viltkamera brukt i skogen for å finne ut kvar hjorten tek vegen. 

Det siste året har eitt hengt på ein stolpe ved Lyngør, i Skagerrak-skjergarden. 

Kvar time med dagslys har kameraet teke eit nytt bilete. Målet er å finne ut når steinkobbene kviler på land. 

– Studien syner at ein sjølv med enkelt og billig utstyr kan få mykje god data, seier havforskar Carla Freitas. 

Men det kjem ikkje utan omhyggeleg arbeid. 

To kamera, 12 månadar, 10 000 bilete

I samarbeid med Havforskingsinstituttet, har mastergradstudent Elsa van Meurs frå Universitetet i Agder undersøkt steinkobbene sine landvanar: Korleis sesongar, miljømessige faktorar og menneskelege forstyrringar påverkar kor mange selar som trekker opp på land. 

I 12 månadar tok viltkameraet i Lyngør timelapse-bilete. Etter kvart vart studien utvida med nok eit viltkamera, som kvar time i fire månadar fotograferte sel i Østre Bolæren. Samstundes samla van Meurs kontinuerleg data om lufttemperatur, vindstyrke og vassnivå.

En kvinne sitter i en båt på havet, bak henne står en stolpe. På toppen av stolpen henger et viltkamera
Som liten, såg Elsa van Meurs dokumentar etter dokumentar om dyr og deira åtferd. No har ho teke føre seg 10 000 selbilete. Her sjekkar ho viltkameraet som var plassert i Lyngør. Foto: Carla Freitas/HI

Til saman har masterstudenten finstudert over 10 000 bilete.

–  Kvar sel på kvart bilete er telt, fortel van Meurs.

Det er ikkje alltid like enkelt å skilje ei steinkobbe frå ein stein, om tåka ligg tett og det skortar på lys, men etter månadsvis med observasjonar kjenner ho skjeret betre enn dei fleste.  

–  Det var mykje arbeid, men eg er veldig fornøgd med resultatet. 

Færre «landkrabbar» i sommarmånadane

No er resultatet også publisert i ein artikkel i tidsskriftet Diversity

– Studien synte at det var flest selar på land når det var varmt, lite vind og lågvatn, noko vi òg venta, seier Freitas.

I vindstilla, når sola steiker og lågvatnet gjev rikeleg med boltreplass, er det ypparlege høve for selen til å ta seg ei pustepause. Både for å kvile seg, få varmen igjen og fordøye maten. 

Fire seler kviler på et skjær ute på fjorden.
Desse steinkobbene frå kolonien i Lyngør utnyttar den vesle plassen på skjeret godt. Foto: Havforskinginstituttet

Men forskarane vart derimot overraska over sommarfunna i studien: Det var eit uventa låg tal steinkobber på land i Lyngør i juni og tidleg juli. 

Dette er kasteperioden for sel – det er då dei trekker på land for å føde ungar, die og etterpå pare seg igjen. Forskarane hadde difor venta meir «landtid» på selane i dette tidsrommet, enn studien synte. 

– Det var også færre selar på land i helgane og i sommarferien, enn i kvardagane. Ein av grunnane kan vere auka forstyrring frå båttrafikk, forklarar havforskaren. 

Steinkobbene er ekstra vare for forstyrringar når dei kastar, og kan ha flytta utaskjers for å få ungar.

En graf som viser at det var høgstenotering av selar i april, men i snitt mest sel på land i august
Eit par veker i april hadde dei beste sel-noteringane, med flest steinkobber på land. Men i snitt var det flest «landkrabbar» i august, i tida då selen byter pels.

Nattevanar

Viltkameraet i Østre Bolæren hang ute frå hausten mot tidleg vinter, og var sett opp nært nok «landingsområdet» til å fotografere sjølv etter at mørket hadde senka seg. Det var såleis mogeleg å undersøke døgnrytmen til steinkobbene. 

Resultata synte at det var fleire selar på land om natta, enn om dagen. 

– Vi er ikkje sikre på kvifor, men med tanke på at ein vanlegvis tel sel på dagtid, er dette eit interessant resultat, seier havforskar Carla Freitas. 

Referanse: 

Elsa van Meurs, Even Moland, Arne Bjørge, and Carla Freitas. 2024. "Haulout Patterns of Harbour Seal Colonies in the Norwegian Skagerrak, as Monitored through Time-Lapse Camera Surveys" Diversity 16, no. 1: 38. https://doi.org/10.3390/d16010038