Publisert: 15.06.2021
ICES tilrår, i tråd med Den norsk-russiske fiskerikommisjonen sin forvaltingsplan, at fangsten i 2022 ikkje bør overstige 180 003 tonn.
Gytebestanden har vore større enn referansepunktet MSY-Btrigger sidan 1989. På grunn av sterke årsklasser på treårsstadiet i perioden 2007–2009 (2004–2006-årsklassane), nådde bestanden eit rekordhøgt nivå rundt 2013. Dei siste åra har gytebestanden minka, men er framleis over MSY-Btrigger. Fiskedødsraten har auka dei siste åra, og er no over målreferansepunktet Fmsy, men under føre-var-referansepunktet Fpa.
ICES vurderer fiskepresset til å vere over Fmsy, men under Fpa og Flim, og at bestanden har full reproduksjonskapasitet.
Bakgrunn | fangst 2022 (tonn) |
F 2022 | SSB i 2023 (tonn) | % endring i SSB * | % endring i TAC ** | % endring i råd *** |
---|---|---|---|---|---|---|
Forvaltningsplan | 180 003 | 0,35 | 201 485 | -1,6 | -23 | -23 |
* SSB (gytebestand) i 2023 samanlikna med SSB i 2022.
** Fangst i 2022 samanlikna med TAC i 2021 (232 537 tonn).
*** Råd for 2022 samanlikna med råd for 2021 (232 537 tonn).
Metoderevisjon gjennomført i 2020.
Kvoterådet er 23% lågare enn rådet for 2021. Dette skuldast ei nedjustering av bestanden etter siste bestandsvurdering. Nedjusteringa skuldast låge toktindeksar hausten 2020 og vinteren 2021.
ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).
Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 50 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 80 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): 80 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,77
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,47
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,35
Venta fiskedødsrate i 2021: 0,44
Venta gytebestand i 2022: 204 751 tonn
Tilrådd kvote 2022: 180 003 tonn
Tilrådd kvote 2021: 232 537 tonn
Avtalt kvote 2021: 232 537 tonn