Laboratoriet er utstyrt med luftfiltrering, overtrykk og sluse. Dette er nødvendig fordi det er så mykje plast i støvet/lufta at det kan forstyrre analyseresultata. I tillegg er det brenneovn, inkubasjonsovn for ulike temperaturar, spesialarbeidsbenk for å beskytte prøvene for støv, ein kjøtkvern for å dele opp fiskefileter før vi løyser dei opp, presisjonsvekt for å veie inn plast til samanlikning, masse plastfritt forsøksutstyr med meir.
Vi utvikler og tar i bruk nye metodar, blant anna for å få informasjon om antal, størrelse, fasong, type plast og tilsettingsstoff. Nokre metodar er eigenutvikla og nokre blir gjort i samarbeid med andre laboratorium.
Ein av analysemetodane er ein form for pyrolyse, der plasten blir varma opp til gass i oksygenfritt miljø. Da brenn den ikkje opp, men blir delt opp i mindre delar som kan sorterast som gass, og så målast.
Mikroplast er eitt av fire fagområde under Kjemi- og framandstoff-laboratoriet
For å finne mikroplast i overflata bruker vi ein Mantatrål med maskestørrelse 180 mikrometer (her frå Byfjorden i Bergen). Foto: Christine Fagerbakke / HI.
Publisert: 03.07.2019 Oppdatert: 17.03.2021