Dette blir knytt mot dei marine omega-3-feittsyrene EPA og DHA som feit fisk har rikeleg av. Desse feittsyrene kan vere med å redusere feittstoff i blodet og dei kan dempe betennelsestilstandar i kroppen. I tillegg inneheld sjømat næringsstoff som jod, vitamin D og marint protein.
Det kan også spele ei rolle at fisk og sjømat du et, erstattar annan mat som kanskje ikkje bidrar til eit variert kosthald.
Forsøk viser at også fisk med lågt feittinnhald kan ha førebyggande effekt på hjarte- og karsjukdom. Eksempel på mager fisk er torsk, sei, lyr, hyse og brosme.
I eitt forsøk viste forskarane at friske menneske med høgt inntak av mager sjømat, hadde lågare risiko for framtidig hjarte- og karsjukdom enn ei anna gruppe som åt magert kjøtt.
I same kliniske studie såg forskarane også færre risikofaktorar for å utvikle diabetes 2 hos dei som åt mager sjømat.
Forskarane har også vist at mus som åt mager sjømat hadde mindre plakk i hovudpulsåra enn mus på magert kjøtt. Slik plakk er knytt til høgare risiko for hjarte- og karsjukdom.
Forskinga viser altså at folk og gnagarar som et sjømat har lågare risiko for overvekt og det som følger med. Men å dokumentere at A fører til B, er vanskeleg.
Referansar:
Aadland, Eli Kristin, et al. "Lean-seafood intake reduces cardiovascular lipid risk factors in healthy subjects: results from a randomized controlled trial with a crossover design, 2." The American journal of clinical nutrition 102.3 (2015): 582-592.
Aadland, Eli K., et al. "Lean Seafood Intake Reduces Postprandial C-peptide and Lactate Concentrations in Healthy Adults in a Randomized Controlled Trial with a Crossover Design–3." The Journal of nutrition 146.5 (2016): 1027-1034.
Jensen, Ida-Johanne, et al. "Dietary intake of cod and scallop reduces atherosclerotic burden in female apolipoprotein E-deficient mice fed a Western-type high fat diet for 13 weeks." Nutrition & metabolism 13.1 (2016): 8.
Publisert: 27.03.2019 Oppdatert: 05.05.2023