Gå til hovedinnhold

Sjømat og graviditet


HI 041754

Mager fisk inneheld store mengder jod. Grunnstoffet er viktig for hjerneutviklinga til foster og barn.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Sjømat er kjelde til ei rekke næringsstoff som er viktige for fosterutviklinga i svangerskapet. I eit vanleg norsk kosthald, er sjømat kjelde til jod, marint omega-3, vitamin D og selen.

Mor og foster deler omega-3

Omega-3-feittsyra DHA er spesielt viktig under graviditet fordi fosteret bruker av mora sitt lager. For å ikkje gå tom, må ho fylle på.

I siste trimester i svangerskapet og i dei første leveåra, går hjernen vår gjennom ei enorm vekst. DHA er særleg viktig for hjerneutviklinga hos spedbarn.

Referansar: 
Braarud, Hanne Cecilie, et al. "Maternal DHA Status during Pregnancy Has a Positive Impact on Infant Problem Solving: A Norwegian Prospective Observation Study." Nutrients 10.5 (2018).Markhus, Maria Wik, et al. "Docosahexaenoic acid status in pregnancy determines the maternal docosahexaenoic acid status 3-, 6-and 12 months postpartum. Results from a longitudinal observational study." PloS one 10.9 (2015): e0136409.

Også jod utviklar hjernen

Eit anna viktig stoff er jod. Grunnstoffet er viktig for produksjon av hormona trijodtyronin (T3) og tyroxin (T4). Desse regulerer forbrenninga hos vaksne og er viktige for hjerneutviklinga til barn.

Norske studiar tyder på at mild til moderat jodmangel hos mor kan henge saman med redusert hjerneutvikling hos barnet. Dårlegare språkutvikling, åtferdsproblem og redusert finmotorikk kan vere moglege følger.

Fisk inneheld mest jod, men vi et mindre

Få norske matvarer inneheld jod. Mager fisk som torsk, hyse og sei er svært rike på jod. Mjølk og meieriprodukt er likevel den største kjelda til jod i dagens norske kosthald sidan folk et mindre sjømat.

I 2018 slo forskarar frå 27 europeiske land alarm om jodnivået hos nyfødde. (Les også: Europeiske forskarar krev strakstiltak mot jodmangel) Undersøkingar viser at mange nordmenn, særleg unge kvinner, har lite jod. Samtidig et vi stadig mindre sjømat.

Gravide og kvinner som ammer treng meir jod, sidan dei skal dekke behovet for seg sjølv og barnet.

Mange land tilset jod i salt brukt i industriell matproduksjon for å hindre jodmangel i befolkninga. Tilsetting av jod i norske matvarer er under utgreiing.

Referansar:

Markhus, Maria, et al. "Maternal iodine status is associated with offspring language skills in infancy and toddlerhood." Nutrients 10.9 (2018): 1270.

Dahl, Lisbeth, et al. "Iodine Deficiency in a Study Population of Norwegian Pregnant Women—Results from the Little in Norway Study (LiN)." Nutrients 10.4 (2018): 513.

Følger med på uønskte stoff

Avfall frå menneska gjennom historia ender opp i havet. Derfor er sjømat kjelde til stoff som er uønskte under graviditet, som visse tungmetall. 

På oppdrag frå helsemyndigheitene, overvakar HI mengda slike stoff i sjømat.

Helsemyndigheitene veg nytteverdi opp mot risiko når dei lager råd om kosthald. Dei vurderer dei positive helseeffektane opp mot risiko forbunde med dei uønskte stoffa.

Når dei anbefaler å ete ei viss mengd sjømat i veka, er det med andre ord fordi dei vurderer nytta som større enn risikoen ut frå den samla kunnskapen vi har. Norske helsemyndigheiter lager eigne kosthaldsråd for gravide. Les informasjon frå Helsedirektoratet på Matportalen.no