Gå til hovedinnhold

BHA, butylhydroksyanisol, er ein syntetisk antioksidant som primært blir tilsett i fiskeolje for å begrense harskning av feittet.

Fiskeolje blir brukt som ingrediens i fiskefôr, og dermed vil litt BHA vere til stede i fiskefôret. BHA er mindre brukt enn dei andre syntetiske antioksidantane. BHA blir brukt i nokre matprodukt som kakeblandingar, snacks og mjølkepulver. I sjømat finst den i svært lave nivå i oppdrettslaks som har fått fôr med BHA.

Det er ikkje påvist negative effektar av BHA hos menneske, men studier på rotter har vist at stoffet kan vere kreftframkallande ved inntak av høge dosar.