Gå til hovedinnhold

Ethoxyquin (EQ) er ein syntetisk antioksidant som det tidlegare var vanleg å tilsette i fiskemjøl for å hindre eksplosjon av fiskemjølet under sjøtransport og lagring.

I løpet av 2020 blei ethoxyquin som tilsettingsstoff i fôr fasa ut, fordi det ikkje lengre var godkjent for bruk i EU og Noreg. Det er ikkje tillate å bruke ethoxyquin som tilsettingsstoff i mat.

Tidlegare ville fôr som inneheldt fiskemjøl også innehalde ethoxyquin. Ethoxyquin blir overført frå fôret til fiskefileten, men der blir det fort omdanna til andre forbindelser.

Ved hjelp av nye analyseverktøy har forskarane kartlagt kva for forbindelser ethoxyquin blei omdanna til i fiskefileten. Dei fant mange ulike forbindelser, og den det var mest av var ethoxyquindimer (EQDM). Ethoxyquindimer har ei lang halveringstid og forsvinner langsomt frå laksefileten.

Det er ikkje påvist nokon effekt på eksponering med ethoxyquin hos menneske, men forsøk med mus som har fått høge doser av stoffet, viste teikn på oksidativt stress og uroingar i feittforbrenninga som kan vere eit forstadium til feittlever.