Jod er nødvendig for at kroppen skal lage thyroid-hormonane T3 og T4. Desse hormona blir laga i skjoldbruskkjertelen og regulerer stoffskiftet gjennom heile livet.
Grunnstoffet er viktig for å regulere forbrenninga hos vaksne og er viktig for barn sin vekst og utvikling. Norske studier tyder på at mild til moderat jodmangel hos mor kan ha samanheng med redusert kognitiv utvikling hos barnet.
Av matvarene i det norske kosthaldet er det frå mager fisk vi får mest jod, men meieriprodukt bidreg likevel til mest jod i befolkinga.
Les meir om jod sin betyding for helsa til særleg gravide og barn:
Publisert: 29.03.2019 Oppdatert: 08.04.2021