Gå til hovedinnhold

Selen er eit grunnstoff som finst i mager og feit fisk, og i kornprodukt. Grunnstoff som opptrer i små mengder i levande organismer, vert kalla “sporstoff”.

Selen har ei viktig rolle for blant anna reproduksjon og immunforsvar. Det kan også spille ei rolle knytta til hjarte- og karsjukdom, kreft og psykisk helse.

Vi har frå 5 til 15 milligram selen i kroppen, fordelt på celler og vev, mest i lever og nyrer. Vi får det i oss gjennom eit variert kosthald.

Det daglege inntaket antas å vere 70–80 mikrogram, men mengda vi treng, er ikkje slått fast.