Lakselus er pr i dag ein av dei viktigaste patogena innan oppdrett av laks, og utgjer eit betydeleg problem kalkulert til å koste næringa 100 - 500 millionar kroner kvart år. I tillegg til samfunnskostnadane er det sannsynleg at vill laksefisk opplever eit auka smittepress frå lakselus. Dette kan bidra til å true allereie pressa villfiskstammar. Mage-tarmsystemet er ei av dei viktigaste kontaktoverflatene mellom lakselusa og det omliggande miljø. Dette gjer at god og omfattande kjennskap til biologien til dette systemet er essensielt med tanke på å utvikle nye metodar for kontroll av lakselus.
Dr. grads arbeidet har fokusert på å identifisere og karakterisere transkripter for trypsin, og gena som kodar for desse, i lakselus. Trypsiner er blant dei viktigaste proteolytiske enzyma i fordøying av proteiner hos dei fleste fleircella dyr. Kunnskap om trypsiner i lakselus kan difor gje ein peikepinn på fordøyingsprosessane i lakselus, og om om desse enzyma kan utnyttast i kontroll av lakselus. Det er blitt vist at det eksisterar eit stort antall svært like trypsin gener i lusegenomet. Uttrykkinga av desse trypsina er forskjelleg i ulike livsstadier og mellom hann- og holus, men har eit likt regulatorisk mønster. Trypsina vart transkribert gjennom heile tarmen, og saman med andre kjende særpreg tydar dette sterkt på at trypsina er involvert i fordøying. Fleire av gena ligg tett saman i genomet, og det er sannsynleg at dei dannar eit eller fleire genkluster med mange like gener.
Publisert: 27.09.2005 Oppdatert: 15.08.2019