Barbro Taraldset Haugland disputerer 19. juni 2019 med tittelen: Effects of fish farm effluents on kelp forest ecosystems: kelp performance, associated species, and habitats.
Oppdrett av laksefisk i opne merdar fører til utslepp av avfallsstoff til det marine miljøet. Desse avfallsstoffa inkluderer næringssalt og kjemikaliar. Begge deler kan påverke helsa til tareskogen som veks langs kysten vår, viser Barbro Taraldset Haugland i sin doktoravhandling. Ho har sett på to av dei mest vanlege tareartene langs norskekysten, sukkertare og stortare.
I eit laboratorieforsøk fann Barbro at lave dosar av det omdiskuterte lusemiddelet hydrogenperoksid førte til at små sukkertareplanter gjekk i oppløysing. Ei fortynning ned til 5 % av den dosen som blir brukt i laksemerdane – behandlingsdosen – og som blir sleppt ut i miljøet, viste seg å være døyeleg.
Behandlingsdosen blir fort tynna ut i sjøvatn, men ein uheldig kombinasjon av vind- og straumretning kan føre til at skadelege dosar av hydrogenperoksid når nærliggande sukkertareskogar. Næringssalt som blir slopne ut frå oppdrettsanlegg kan vere ein ekstra matressurs for marine plantar og dyr. Barbro sin doktorgrad tyder på at tare ikkje kan nyttiggjere seg av denne ekstra næringa. Ved å ta månadlege målingar gjennom eitt år, fann ho at veksten til unge sukkertareplantar ikkje forandra seg når dei vaks rett ved sida av oppdrettsanlegg.
Stortaren liker seg best der det er mykje bølger og straum, der den dannar undervass-skogar som er ein viktig del av økosystemet langs kysten. Påvekstsamfunnet på stortaren er ein viktig del av stortareskogen, og det kan vere stor naturleg variasjon i mengde påvekst frå plante til plante. Både taren og påvekstsamfunnet blir brukte som skjulestad av småfisk og tanglopper, og som jaktstad av torsk, sei og sjøfugl.
Tareplantar er fleirårige, for eksempel kan stortaren bli meir enn 18 år gammal. I naturen er det ofte dei hurtigveksande organismane med kort livssyklus som best klarer å nyttiggjere seg av ekstra næring, slik som påvekstsamfunnet på taren. Ved å samle inn stortare frå mange forskjellige stader rundt øyene Frøya og Smøla, viste Barbro at stortaren som vaks nær oppdrettsanlegg hadde eit annleis og mindre variert påvekstsamfunn. Sjølv om det var små endringar, kan det ha betydning for dyra som lever i tareskogen.
For andre deler av tareskogen var det ingen tydelege endringar som følge av utslepp frå oppdrettsanlegg. Det er gode nyheiter for tareskogen, og kan tyde på at stortaren er motstandsdyktig mot den noverande produksjonen av oppdrettslaks i dette området.
Tid og stad
Onsdag 19. juni 2019 kl. 13:15 i Nucleus, Bikuben på UiO Blindern.
Prøveforelesing samme dag og stad, kl. 10:15, med temaet "Ecology of kelp forests in the Anthropocene".
Personalia
Barbro Taraldset Haugland (f. 1983) har ein mastergrad i marinbiologi frå Universitetet i Bergen. Under doktorgradsarbeidet har ho vore tilsett ved Havforskingsinstituttet (HI), med forskarane Tina Kutti, Vivian Husa og Raymond Bannister (alle HI) samt Stein Fredriksen og Kjell Magnus Norderhaug (begge UiO/HI) som rettleiarar. Arbeidet var ein del av ERA-prosjektet som blir leia av Nigel B. Keeley (tidlegare av Raymond Bannister), og er finansiert av Noregs forskingsråd.
Opponentar
Dosent ph.d. Sofia Wikström, Stockholm Universitet, Sverige
Seniorforsker pd.d. Renée Bechmann, NORCE – Norwegian Research Centre AS, Norge
Øvrig medlem i komiteen: Førsteamanuensis ph.d. Alexander Eiler, Universitetet i Oslo, Norge
Publisert: 06.06.2019
Oppdatert: 15.07.2021