Spreiing av smittsame sjukdommar er eit stort problem i den norske lakseindustrien, og fører til redusert velferd og helse hos oppdrettsfisken. Det er difor eit behov for å beskytte fisken mot slike sjukdommar. Ei mogleg løysing kan vere å bruke genredigeringsteknologien CRISPR for å endre laksen sitt DNA slik at fisken blir meir motstandsdyktig mot sjukdom. Effektiv bruk av denne teknologien krev evna til å utføre endringane med høg nøyaktigheit, i tillegg til at vi treng meir kunnskap om kva gen som faktisk kan redigerast. Slik kunnskap kan vi få ved hjelp av nettopp CRISPR-baserte «loss-of-function» og «gain-of-function» eksperiment, og CRISPR teknologi har difor potensial til å bli svært nyttig både for fiskeforsking og for havbruksnæringa.
I dette doktorgradsarbeidet har to nye CRISPR-baserte genredigeringsverktøy blitt prøvd ut i atlantisk laks for første gong: CRISPR/LbCas12a og base-redigering, noko som utvidar moglegheitene for å gjere genetiske endringar i denne arten. I tillegg har konvensjonell CRISPR/Cas9-teknologi blitt brukt til å «slå ut» immungenet Immunoglobulin M (IgM), noko som resulterte i ein laks med reduserte mengder av IgM+ B-celler. Denne fisken kan i framtidige forsøk fungere som ein modell for å auke forståinga rundt rolla til denne celletypen, i tillegg til forståinga om laksen sitt immunsystem generelt. Sjølv om det framleis er diverse utfordringar knytt til CRISPR-basert genredigering, har teknologien stort potensial til å betre velferda og helsa til oppdrettslaksen i framtida – anten gjennom auka kunnskap eller ved faktisk bruk i havbruksnæringa for å gjere fisken meir robust.
15.05.2024 kl. 10.15–14.00 på Høgteknologisenteret i Bergen, Lille auditorium
Interesserte er velkomne.
Mari Torsdotter Raudstein (f. 1994) er utdanna bioingeniør ved Høgskulen på Vestlandet og har mastergrad i bioteknologi frå Noregs miljø- og biovitskapelege universitet. Doktorgradsarbeidet er finansiert av Noregs forskingsråd, og vart utført ved Havforskingsinstituttet. Hovudrettleiar har vore Rolf Brudvik Edvardsen (Havforskingsinstituttet), med Ståle Ellingsen (Universitetet i Bergen) som birettleiar.
Publisert: 15.05.2024