Gå til hovedinnhold

Lågtrofiske marine råvarer i fôr til laks


Mytilus edulis

Blåskjell i Hardangerfjorden

Fotograf: Arnbjørg Aagesen / Havforskningsinstituttet

Sahar Sartipi Yarahmadi disputerer for ph.d.-graden den 25. september 2024 ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Exploring the use of blue mussel silage and fermented sugar kelp as low trophic marine resources in the Atlantic salmon (Salmo salar L.) diet".

Havbrukssektoren er i rask vekst og er forventa å bidra med meir mat frå havet til den globale matforsyninga. Berekraftig vekst i fiskeoppdrett er avhengig av å finne nye fôringrediensar som har potensial for oppskalering og dyrking, og som bidreg til å minimere karbonavtrykket. Samtidig skal nye ingrediensar oppfylle ernæringsmessige krav og gje god fiskehelse og velferd. Lågare trofiske marine ressursar som blåskjel (Mytilus edulis) og sukkertare (Saccharina latissima) er to alternativ som kan dyrkast lokalt i Noreg.

Hovudmålet med dette prosjektet var å undersøke bruken av blåskjelensilasje (BMS) og fermentert sukkertare (FSK) som nye fôringrediensar i fôret til oppdrettslaks. I doktorgradsarbeidet har det blitt gjort to vekstforsøk med laks gitt fôr som inneheldt blåskjel prosessert på ulike måtar og eit med fermentert sukkertare. Oppsummert blei det vist at blåskjel kan brukast i fôr til laks utan å redusere vekst, fôrutnytting eller velferd. Men metodane som er valt for prosessering og konservering av blåskjel, ser ut til å påverke utnytting av næringsstoff. For fermentert sukkertare blei det vist at høgare innblanding kan gje redusert vekst, men ingen reduksjon i fôrutnyttelse og velferd. Bruk av taren ga høgare innhald av jod i fiskemuskelen, og påverka også antioksidantstatus og immunresponsar hos fisken. Resultata frå dette prosjektet viser eit tydeleg potensial for bruk av lågtrofiske fôrråvarer dyrka i havet, noko som kan ha betydning både for vidare utvikling av berekraftig akvakultur i Noreg, men også globalt.

jente på laboratoriet med prøveglassPersonalia

Sahar Sartipi Yarahmadi (f. 1986) har bachelor i naturlige ressurser fra Lorestan University i Iran, og ein master i marinbiologi frå Gent University i Belgia.

Doktorgradsarbeidet har blitt utført ved Havforskingsinstituttet under rettleiing av dr. Sofie Charlotte Remø (HI), dr. Øivind Strand (HI), dr. Martin Wiech (HI), dr. Erik-Jan Lock (HI, UiB) og dr. Nina S. Liland (HI, UiB).

Disputas

Tid/stad: 25.09.2024 klokka 14.15–16.45 på Lille Auditorium, Høgteknologisenteret, Thormøhlensgate 55, Bergen

Opponentar: Professor Simon J. Davies, University of Galway, Ireland og professor Viviane Paulette Verlhac Trichet, Nord Universitet, Norge

Komitéleiar: Professor Sigurd Stefansson

Disputasleiar: Professor Ståle Ellingsen

Avhandling: https://bora.uib.no/bora-xmlui/browse?type=author (søk på kandidatens navn). Dersom den ikke er tilgjengelig her kan den være tilgjengelig på forespørsel til kandidaten.

Disputasen er åpen for alle interesserte.