Elvelaboratoriet i Guddalselva var i drift frå 2000-2021 med føremål å framskaffa kunnskap om overlevingsevna hos avkom av rømt laks i naturen, konkurranse mellom avkom av rømt laks og villaks og om elva sin smoltproduksjon.
Den 40 meter breie flyteristfella som dekkar tverrsnittet av elva, representerer eit av dei mest nøyaktige datasetta i Europa på absolutt mengde rømt oppdrettsfisk, og på storleik og mellomårsvariasjonar i gytebestandar hos villaks og sjøaure.