Mange av prøvene våre skal analyserast for innhald av vatn/tørrstoff, oske, totalfeitt og totalprotein. Analysane gir basiskunnskap om næringsinnhaldet i ein prøve, og går under samleomgrepet råanalyse.
Metallanalysar utgjer ein stor del av analyseverksemda vår, og vi kan blant anna få svar på kor mykje arsen, kadmium, kopar, selen, sink, kvikksølv, bly, sink, jern, jod og molybden ein prøve inneheld. Metalla oppfører seg ulikt i organismar avhengig av korleis dei er bundne opp, giftigheit og tilgjengelegheit avheng av om metallet er knytt til ein organisk forbinding eller ikkje. For enkelte element har vi analyse der vi separerer dei ulike formene til metallet, og på den måten finn vi ut kor stor del av metallet som finst i dei ulike formene.
Vi analyserer prøvar av sjøvatn, sediment, fisk og andre marine organismar for menneskeskapte radionuklid som for eksempel cesium-137 (137Cs). Resultata blir brukte blant anna til å følge med på tidstrendar og geografiske trendar av radioaktiv forureining i norske havområde. Vi analyserer òg miljøprøver for naturlege radionuklid som for eksempel radium-isotop, bly-210 (210Pb) og kalium-40 (40K).
Publisert: 01.04.2019 Oppdatert: 28.11.2024