Gå til hovedinnhold

Rådgivingspris til Fiskerifaglig senter


Fiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid

Fiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid fekk Havforskingsinstituttets rådgivingspris for 2016.

Havforskingsinstituttets rådgivingspris for 2016 går til ein sprek 40-åring. Fiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid driv rådgiving for berekraftig fiskeri og akvakultur i utviklingsland, og har gjort seg bemerka både her heime og ute i verda elles.

Senteret, som på engelsk går under namnet Centre for Development Cooperation in Fisheries (CDCF), har hatt prosjekt i meir enn 40 land i ulike delar av verda i fleire tiår.

Klar vinnar

Det er i hovudsak interne leiarar som foreslår kandidatar til rådgivingsprisen. Juryen, som tel dei tre forskingsdirektørane Geir Huse, Geir Lasse Taranger og Karin Kroon Boxaspen, hadde fem nominerte å velja mellom.  

– Alle forslaga var verdige vinnarar, men ein kandidat skilde seg likevel ut, sa komitéleiar Karin Kroon Boxaspen då prisen vart delt ut under dei årlege havforskingsdagane i Bergen. Fleire frå senteret var tilstades og kunne entra scena og motta prisen saman med senterleiar Åsmund Bjordal.

Har fått fleire utmerkingar

– Gjennom Nansen-programmet har Fiskerifagleg senter sytt for bistand til kartlegging av fiskeressursar i ei rekkje land i Vest-Afrika, oppbygging av nasjonal forskingskompetanse og utvikling av fiskeriforvaltingssystem. Dei seinare åra er akvakultur òg blitt eit viktig område i utviklingssamarbeid med land som Cuba og Thailand, heiter det i grunngjevinga. Der vart det også trekt fram at senteret er tildelt den høgthengjande prisen Kungsfenan (The Swedish international award for sustainable fisheries). Senteret er også vald ut som ein av FAOs suksesshistorier.