Gå til hovedinnhold

Lanserte havstrategi i havbyen Bergen


Nykirkekaien

Havforskingsdirektør Sissel Rogne og kaptein Aron Håpoldøy ønskte statsminister Erna Solberg velkomen om bord på "Dr. Fridtfjof Nansen", der statsiministeren og næringsministeren la fram havstrategien.  

Statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland lanserte havstrategien til regjeringa i dag. Det skjedde i Bergen om bord på det nye forskingsskipet «Dr. Fridtjof Nansen».

Havforskingsdirektør Sissel Rogne tok imot og ønskte velkommen om bord, der «Ny vekst, stolt historie – Regjeringens havstrategi» vart presentert for inviterte gjester og presse.
 

Forsking blir viktig

I strategien heiter det at regjeringen vil satsa vidare på dei havnæringane der vi alt er sterke, og samstundes stimulera til forsking, innovasjon og teknologiutvikling for å få fram nye næringar. Dette skal sikra Noreg posisjonen som verdas fremste havnasjon. Forsking er ein viktig pilar i strategien. Her vert blant anna forsking på teknologi, marine økosystem i kystsonen, oppdrett av og hausting på nye arter trekt fram som viktige satsingsfelt.

Vern gjennom bærekraftig bruk

– Det er gledeleg at regjeringa har så store ambisjonar på vegner av havnasjonen Noreg. Det kjenner vi på Havforskingsinstituttet oss igjen i. Strategien forpliktar oss alle til å jobba tverrfagleg og innovativt langs hele lina – frå forskinga på dei levande ressursane i havet og heilt ut til marknaden, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne. Ho merkte seg også at strategien legg opp til vern gjennom bærekraftig bruk.

– Havforskingsinstituttets samfunnsoppdrag er nettopp kunnskap og råd for rike og reine hav, så på mange måtar er denne strategien som skriven for oss.