Frå venstre: Forskingsdirektørane Geir Huse (HI) og Jevgenij Sjamraj (Pinro) har underteikna protokollen etter årets norsk-russiske havforskarmøte.
Foto: Gunnar SætraPublisert: 27.03.2017 Oppdatert: 24.11.2017
Det årlege norsk-russiske havforskarmøtet blei avvikla i Murmansk i førre veke, og møtet munna som vanleg ut med at delegasjonsleiarane underteikna protokollen som lister opp kva forskarane skal arbeide saman om i året som kjem.
Toktsamarbeid og metodikk
– Protokollen fortel om kva for tokt vi skal samarbeide om i året som kjem, korleis Havforskingsinstituttet og søsterinstituttet Pinro i Murmansk skal utveksle informasjon og data, korleis ulike faggrupper innanfor institutta skal samarbeide og korleis vi i samarbeid skal vidareutvikle forskingsmetodane våre.
Frå venstre: Forskingsdirektørane Geir Huse (HI) og Jevgenij Sjamraj (Pinro) har underteikna protokollen etter årets norsk-russiske havforskarmøte.
Foto: Gunnar Sætra
60 med samarbeid
I februar 1958 vitja det sovjetiske forskingsskipet «Sevastopol» Bergen, og i den samanheng blei det arrangert eit møte mellom norske og sovjetiske havforskarar.
– Norske havforskarar var på gjenvisitt i Murmansk i august 1958. Til neste år kan vi dermed skilte med eit samarbeid som har gått føre seg i 60 år. Det ønsker vi å markere, både i Noreg og Russland. I Noreg kjem det til å skje i samband med at Havforskingsinstituttet skal arrangere det årlege havforskarmøtet i mars neste år. I juni neste år skal det arrangerast eit norsk-russisk havforskarsymposium i Murmansk, noko som også gjer det mogleg å markere 60-årsjubiléet.