Lysingen har komme inn i Nordsjøen nord for Dei britiske øyane, medan sardinar og ansjos har komme inn frå sør.
Publisert: 09.05.2017 Oppdatert: 24.11.2017
Havforskingsinstituttet har nyleg publisert den såkalla Kino-rapporten (Kino: KunnskapsInnhenting i Nordsjøen), ein rapport som i utgangpunktet blei laga for auke kunnskapen om gyteområda til ulike fiskeslag i Nordsjøen
– Arbeidet med rapporten har gitt oss mange fleire detaljer om gytefelta. Samstundes har arbeidet gitt oss betre oversikt over utbreiinga til dei ulike fiskeartane og endringane over tid i Nordsjøen. Mønsteret er klart – dei siste 40 – 50 åra har artane flytta seg nordaustover, noko som fører til at ein større del av dei kommersielle artane har flytta inn i den norske delen av Nordsjøen. I tillegg har nye artar etablert seg i dette området, seier Sundby.
I alt er det rundt 140 fiskeartar i Nordsjøen, men nærare 80 % av dei kommersielle fangstane er frå ti av dei (tobis, sild, brisling, makrell, torsk, hyse, sei, kviting, augepål og raudspette). Dei siste 20 % av fangstane er fordelt på eit stort spekter av ulike fiskeartar.
To inngangar
Blant nykommarane finn ein kommersielle artar som lysing, sardinar og ansjos. Dei har komme inn i Nordsjøen via to inngangar. I sør har sardinar og ansjos flytta seg inn i Nordsjøen via Den engelske kanalen. Frå områda vest av Irland har både sardinar og lysing funne vegen nord for Dei britiske øyane og inn i Nordsjøen.
– Lysingen er i ferd med å bli den nye torsken i Nordsjøen, og bestanden er i rask vekst, seier Sundby.
Lysingen har komme inn i Nordsjøen nord for Dei britiske øyane, medan sardinar og ansjos har komme inn frå sør.
Også fiskeslaga som tradisjonelt har vore fiska i Nordsjøen er i ferd med å flytte på seg.
– Vi ser at torskefiskar (gadoidar) som torsk, hyse, sei, kviting og augepål har endra utbreiing og at det har blitt mindre av desse fiskeslaga i britisk sektor og meir i den norske økonomiske sonen, seier Sundby.
Kino-prosjektet, som blei avslutta i vår, sikta mot å auke kunnskapen om gyteområda i Nordsjøen, gyteåtferda til dei ulike fiskeartane og når på året gytinga skjer. Prosjektet starta i 2014 og blei betalt av Statoil.
Torskefiskane (gadoidane) i Nordsjøen flytta seg mot nordaust. Difor har ein større del av torske-, sei-, kvting- og augepålbestandane flytta seg over i norsk sone.