Kartet syner "hot spots" for kor marint søppel driv opp på land i Hordaland fylke.
Foto: HavforskningsinstituttetPublisert: 29.05.2017 Oppdatert: 24.11.2017
Oversiktskartet viser «hot spots» langs kysten – dei stadane det er mest sannsynleg at plast og anna søppel i havet driv inn på strendene.
Det er fyrste gong Havforskingsinstituttet har laga noko slikt, og vi er ikkje kjent med at det finst noko liknande.
Oseanograf Jon Albretsen har studert havstraumane langs kysten, og teikna opp kartet.
Kartet syner "hot spots" for kor marint søppel driv opp på land i Hordaland fylke.
Foto: HavforskningsinstituttetDei raude flekkane viser kor ein mest sannsynleg vil finna store mengder avfall, medan dei gule flekkane viser område der det truleg kjem inn noko mindre mengder søppel.
Seniorforskar Bjørn Einar Grøsvik håpar strandryddarar vil finna kartet nyttig.
– Dette kartet viser kor ein bør setje inn innsatsen først, seier han.
Etter funnet av gåsenebbkvalen med magen full av plast på Sotra i februar 2017 har engasjementet for strandrydding vore stort.
Les meir: 200 kilo søppel per kvadratmeter langs norskekysten
Til NRK seier Kenneth Bruvik i Norges Jeger- og fiskeforbund at kunnskap om kor plasten kjem inn er ufatteleg viktig – og at han jublar over å få eit slikt kart.
Seniorforskar Bjørn Einar Grøsvik håpar kartet vert eit godt hjelpemiddel
Foto: Kjartan Mæstad, HavforskningsinstituttetTil no har HI laga to kart, eit over Hordaland fylke og eit over Skagerrak. Men vi kan lage slike kart for heile Kyst-Noreg, dersom det vert etterspurt.
Forskarane har ikkje vore ute overalt for å sjå om kartet stemmer med det faktiske terrenget. Difor blir vi på Havforskinga glade for tilbakemeldingar frå lokalt publikum.
Treff kartet – eller ikkje? Send oss gjerne ein e-post på postmottak@imr.no