Næringsminister Monica Mæland besøkte Havforskingsinstituttet i Bergen for å levere nyheita. Der fekk ho helse på ein av dei sylinderforma, gule «havforskarane» som skal drive rundt i verdshava.
Publisert: 26.06.2017
Oppdatert: 24.11.2017
– I dei mest ekstreme områda av verda er det krevjande og kostbart å samle inn data med skip. Samtidig er det ekstra viktig å spore endringar i klimaet der, seier Kjell Arne Mork, prosjektleiar ved Havforskingsinstituttet.
– Argo-bøyene vi skal sette ut, kan utstyrast til å måle trykk, temperatur, salt, lys, PH og næringsstoff under alle vêrforhold. Til og med under isen.
Måndag blei det klart at Argo-prosjektet, som er leia av Havforskingsinstituttet, får pengar frå Forskingsrådet si satsing på infrastruktur i forsking. Totalt skal rådet dele ut 1 milliard til prosjekt som blir fleire forskingsmiljø til gode. 92 prosjekt søkte, og 19 har sloppe gjennom nålauget. Desse blir no inviterte til å forhandle om det endelege beløpet. Argo-prosjektet søkte Forskingsrådet om 87 millionar kroner for å sette ut 100 nye bøyer.
Skriv heim om hava
– Eitt av dei viktigaste måla i regjeringa sin havstrategi er å hente inn kunnskap. Bøyene gir oss ein sjanse til å få vite meir om tilstanden og moglegheitene i havet. Klimaet påverkar aktiviteten vår, og verda treng mat, medisin og mineral, sa Monica Mæland då ho leverte nyheita på Nykirkekaien i Bergen.
Regjeringa har sett ramma, men Mæland understrekar at det er Forskingsrådet som har bestemt kva prosjekt som får midlar.
Argo-bøyene driv med havstraumane i fleire år og er alltid på jobb. Dei dykkar til fleire tusen meters djup mens dei samlar inn data. Innimellom stig dei opp til overflata for å fortelje om kva dei har sett, via satellitt. Dataa blir fritt tilgjengeleg på Internett etter berre nokre timar.
Norsk samarbeid går inn i global satsing
Éi bøye kostar frå 200.000 til 800.000, avhengig av kor mange sensorar ho har. Når bøya er venta å vare i tre år, gir ho mykje data for pengane.
– Vi treng kunnskap om tilstanden i havet for å forvalte havområda og ressursane der. Data frå bøyene kan også gi betre varsel om vêr og havstraum, seier Mork.
Dei nye, norske bøyene er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Nansensenteret, UiB, Uni Research Klima, Meteorologisk institutt og Akvaplan-niva. Men det er også del av ei global satsing. Verdshava husar nemleg om lag 4.000 slike bøyer i dag, i det globale Argo-programmet.
Opnar for nye spørsmål
Havforskingsdirektør Sissel Rogne gler seg over tildelinga.
– Eg er utruleg stolt av forskarane våre som har gått inn for dette. Med drivande forskingsstasjonar gjer vi dei store djupa langt nord tilgjengelege for alle. Dette opnar for forsking på nye problemstillingar, seier Rogne.