Gå til hovedinnhold

Gjekk frå å mangle jod til å få skadeleg mykje av det


shutterstock256843912nepal

Nepal fekk bukt med mangelen på jod, men dei kan ha fått eit nytt problem. Ein stor norsk studie på mødre og barn i Nepal viser at nepalarane no heller får for mykje enn for lite jod i seg. Foto: Shutterstock

Tidlegare leid folk i fjellandet Nepal av struma og barn vart føydde med hjerneskade på grunn av alvorleg jodmangel. No viser norsk forsking at mange nepalarar tvert i mot får for mykje jod i seg. Kva skjedde?

Jodmangel er den viktigaste årsaka til hjerneskade som det går an å hindre. Om mor manglar jod under svangerskap og amming kan barnet få alvorleg hjerneskade og svakare mental utvikling. Det er difor svært viktig at kvinner får i seg nok jod.

Jod er ujamt fordelt på kloden

På verdsbasis får nesten to milliardar menneske i seg for lite jod. Mineralet er svært ujamt fordelt i jordsmonnet, og vi finn mest av det i sjøen. Den beste naturlege kjelda til jod er fisk, og det er difor gjerne i land der folk et lite fisk at ein får dette problemet.

Nepal ligg høgt oppe i fjella, og fjellfolket et svært lite fisk og sjømat, så jodmangel brukte å vere eit stort problem. Ein stor del av innbyggjarane leid av struma, og mange barn vart føydde med hjerneskade. På 70- talet valde myndigheitene å følgje Verdens Helseorganisasjon (WHO) sine retningsliner og starta med å jodifisere salt.

Kan forstyrre stoffskiftet

Nepal fekk bukt med mangelen på jod, men dei kan ha fått eit nytt problem. Ein stor norsk studie på mødre og barn i Nepal viser at nepalarane no heller får for mykje enn for lite jod i seg. Forskarane tok urinprøver og morsmjølkprøver av rundt 500 ammande kvinner, og det viste seg at relativt mange av dei hadde for mykje jod i kroppen. Denne studien granska ikkje om kvinnene og barna faktisk hadde tatt skade av det høge jod inntaket, men høgt jod inntak som dette er ikkje heldig, seier Sigrun Henjum, forskar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA).

–Overskot av jod kan forstyrre stoffskiftet hos nyfødde. Nyfødde og små barn har mindre evne til å tilpasse seg for høgt jodinntak frå morsmjølk, og dei er difor mest utsette for forstyrringar i stoffskiftet.

Ei teskei jod er nok gjennom eit heilt liv

Det største problemet med å tilsetje jod i matvarer er at vindauget for kva som er for mykje og kva som er for lite er svært smalt. Med jod er det snakk om svært små mengder, og i løpet av eit heilt liv skal ein ikkje ha i seg meir enn om lag ei teskei av stoffet.

–Det er vanskeleg å nå ut til store grupper med rett anbefaling på kor mykje jod dei kan ete. I og med at vindauget er så smalt, så er det viktig at ein måler nivået av jod hos dei mest sårbare gruppene jamleg. Slik overvaking må til for å vere sikre på at ein treff med tiltaket. Det seier Marian Kjellevold, forskingssjef hos Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).

Vurderer jodifisering av industrisalt i Noreg

Nepal er ikkje det einaste landet som tilset jod i salt og andre fødemiddel. WHO har retningsliner for tilsetjing av jod, og mange land tilset jod i til dømes dyrefôr. I Noreg kjem 60 % av inntaket av jod frå mjølk og mjølkeprodukt på grunn av at ein tilset jod i fôret til mjølkekyr, medan 20 % kjem frå fisk og sjømat. Også noko av bordsaltet i Noreg er tilsett jod, men til no har jodifisert salt ikkje blitt brukt i industrien i Noreg. No foreslår Nasjonalt råd for ernæring at ein skal jodifisere også dette saltet.

Eksempelet frå Nepal viser at det er viktig å følgje godt med når ein jodifiserer salt eller andre fødemiddel. I eit fattig land som Nepal er det vanskeleg å finne ressursar til å følgje med på om jodifiseringa av saltet treff slik det skal, og då kan ein få slike utslag.

–Dette er eit klassisk problem som lett skjer viss ein berre overlet jodifiseringa til industrien, og myndigheitene ikkje overvakar jodstatusen til folk. Då kan det lett skje at ein kjem for lavt eller for høgt, seier Henjum.

Artikkelen Iodine Concentration in Breastmilk and Urine among Lactating Women of Bhaktapur, Nepal er skriven i samarbeid mellom blant andre Sykehuset Innlandet (Tor A. Strand), Høgskolen i Oslo og Akershus (Sigrun Henjum) og NIFES (Marian Kjellevold)