Publisert: 16.08.2017 Oppdatert: 24.11.2017
Dei frammøtte fekk høyre om kva effektar lakselusmiddel har når dei kjem ut i miljøet, om overvaking og trygg sjømat, litt om leppefisk og i tillegg ei oppsummering av korleis arbeidet med råda som fører fram til trafikklyssystemet vert gjort.
Alt måndag skal ekspertgruppa for lakselus ha eit møte for å starte arbeidet med rådet som skal kome no i haust. Når dei er ferdige med sitt råd, vert det sendt vidare til styringsgruppa som går gjennom rådet og deretter sender si tilråding til Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Deretter er det opp til departementet å avgjere om nokon får auke produksjonen. Etter kvart kan det og kome vedtak om redusert produksjon, men det skjer tidlegast i 2019.
Både arbeidet som tidlegare er gjort for å dele kysten inn i dei ulike produksjonsområda der målet er å ha minst mogeleg utveksling av lakseluslarvar mellom områda, og arbeidt som blir gjort no for å avklare smittepresset av lakselus på villfisk er svært omfattande.
– Den neste rapporten frå ekspertgruppa skal være ferdig no i haust slik at styringsgruppa kan sende si tilråding til departementet midt i september, seier Boxaspen.
Mattilsynet: Tilsyn og kontroll med lakselusmidler
HI: Trafikklyssystemet; kunnskapsbaserte råd til forvaltningen
NIFES: Lusemidler - overvåking og trygg sjømat
SLRC og UiB: Evaluering av effekten av lakselus på vill laksefisk i de nye produksjonsområdene
HI/NIFES: Bruk av rensefisk - velferd og forekomst
HI: Effekter av lakselusmidler ut i miljøet. Hva vet vi så langt og hva gjør vi fremover?