– I prinsippet kan vi bruke krill som agn i fisketeiner. Vi tiltrekker oss krill med lys og fisk med krill, fortel Kamilla Furseth.
Førebels er det ikkje fritt fram for fiskarar å bruke lys i teiner. Sjå faktaboks.
Knekte koden
Fangstseksjonen ved Havforskingsinstituttet forskar på bruken av lys i fisketeiner i prosjektet Kunstig lys for å øke fangsteffektiviteten i teinefiske. Tidlegare forsøk på å lokke til seg fisk med lys har gitt uklare resultat. I fjor knekte forskarane ein kode.
Det var først då dei sikta seg inn mot krill direkte og fisk indirekte, at dei fekk tydeleg større fangst. Ein sverm av krill lokkar fisken, ikkje først og fremst lyset.
No prøver Kamilla Furseth å finne ut kva lysstyrke og bølgelengd, altså fargen på lyset, som lokkar mest krill, og dermed også meir fisk.
Testar ulike lys og djup
Plastdunkar er modifiserte og utstyrte med ulike typar lys, og fungerer som feller for krillen. Kamilla Furseth set fellene dag og natt i ulike djup der krillen er. Den rette djupna finn ho med ekkolodd.
Med lyset kjem krillen, og etter kort tid kjem også fisken:
Klippa under vatn er filma i Masfjorden i Hordaland. Kamilla Furseth er nyleg tilbake frå tokt i Ramfjorden i Troms.
– I Masfjorden ser eg at farga lys gir meir krill enn kvitt lys, og at blått lys gjer det betre enn grønt lys. I Ramfjorden ser det også ut til at farga lys er betre enn kvitt. Der seg eg ikkje like klar skilnad mellom grønt og blått lys, fortel ho.
I bilda frå Masfjorden er det sei som går etter krillen. I nord har fangstforskarane hatt gode resultat med lys i teiner etter torsken. (Les også: Lys i torsketeiner ga rekordfangst)
Skeptisk til teiner
– Torsken er ein mistenksam fisk. Han er ikkje særleg interessert i daudt agn og er skeptisk til teiner. Men med ein sverm av krill ser han ut til å bli motivert! Det føreset rett nok at du set teinene der du veit det er krill, fortel Anne Christine Utne Palm, Kamilla Furseth sin rettleiar ved HI.
Anne Christine Utne Palm trur lys kan ha potensial også til å effektivisere krillfiske i seg sjølv, og at det kanskje kan takast i bruk ved fiske etter andre mesopelagiske artar. Desse lever på djup frå 200 til 1000 meter. Skapningane der er i dag ein lite utnytta ressurs. Dei er mange, men spreidd ut over store vannmassar er dei vanskelege å fange. Dei er også skjøre og blir lett øydelagde av tradisjonelle reiskapar.
Masterstudent Kamilla Furseth har gjort lysfelleforsøk ved HI sin forskingsstasjon i Matre.
Foto: Anne Christine Utne Palm
– Vi går no gjennom data frå forsøka våre med lys i torskefiske og Kamilla forskar på detaljkunnskapen rundt krill. Vi gler oss til å sjå resultata, seier Palm.
Kamilla Furseth tar mastergrad ved Universitetet i Bergen. Rettleiarane hennar er Anne Christine Utne Palm (HI), Odd-Børre Humborstad (HI), Thor Klevjer (HI) og Dag Aksnes ved UiB.