Gå til hovedinnhold

Rømt oppdrettslaks kan gje redusert produksjon av villaks


Laks i fiskefella i Etne

Laks

Fotograf: Øystein Paulsen

Avkommet til rømt laks konkurrerer med villaksen om dei knappe næringsressursane  i elva. Dermed kan dei påverke produksjonen av vill smolt. Når den rømte fisken i tillegg gyt med villaksen, påverkar dei også dei arvelege eigenskapane og dermed villaksen si tilpassing til eit liv i naturen.

I løpet av 10 år har forskarane følgt heile 75 familiegrupper i Elvelaboratoriet i Guddalselva. Til saman planta dei ut 254 400 befrukta rogn av villaks, oppdrettslaks og hybridar over tre år. Målet var å sjå korleis rømt oppdrettslaks kan påverke villaksen.

— Dette er den hittil mest omfattande undersøkinga som er gjort av denne problemstillinga. Gjennom heile prosjektet har vi registrert overleving og tilvekst frå rogn til smolt og frå smolt til gytefisk, fortel seniorforskar Øystein Skaala.

Resultata er nyleg publisert i det anerkjende tidsskriftet Evolutionary Applications. I tillegg til Havforskingsinstituttet, har også Universiteta i Bergen, Århus og Ås deltatt i arbeidet.

Redusert produksjon av villaks

Alt i den første delen av livet, medan laksen veks frå rogn til smolt (ungfisk på veg til sjøen), såg forskarane tydeleg at lakseungar med oppdrettsforeldre hadde vesentleg dårlegare overleving enn villaksen sine ungar.

— I snitt overlevde 3,8 % av villaksen fram til utvandring, mot berre 1,8 % av oppdrettslaksen sine ungar. Hybridane hadde også redusert overleving, med ca. 2,1 % overleving i snitt, fortel Skaala.

Der vi samanlikna overlevinga hos familiar med same oppdrettsmor, kryssa enten med oppdrettsfar eller vill far, hadde familiar med vill far betre overleving enn familiar med oppdrettsfar i 18 av 20 parvise samanlikningar.

Den totale overlevinga frå rogn til gytefisk hos villaks, hybridar og oppdrettslaks var i forholdet 1:0,76:0,30 og 1:0,44:0,21, målt med to noko ulike metodar.

Resultata viste òg at oppdrettslaksen sine ungar i snitt vandra ut 11,8 dagar tidlegare på våren enn villaksen sine ungar.

Oppdrettsgenar gav god vekst i havet

Skilnaden i overleving var også tydeleg gjennom sjøfasen, der overlevinga var meir enn dobbelt så høg hos villaksen samanlikna med oppdrettslaksen. I snitt overlevde 0,94 % av villaksen medan under halvparten av dette, 0,41 %, av oppdrettslaksen klarte seg.

— I elvefasen der det er næringsbegrensing, var det relativt små skilnadar i vekst hos dei ulike gruppene, men i havet slo oppdrettslaksen sine eigenskapar for rask tilvekst godt til, fortel Skaala.

Alt etter første år i havet var oppdrettslaksen større enn villaksen, og etter tre år i havet var villaksen 5,6 kilo i snitt medan oppdrettslaksen var nesten 3 kilo tyngre.

Oppdrettsgenane påverkar naturleg tilpassing

Når den rømte laksen gyt saman med villaks, får avkommet ein miks av genar frå både villfisk og oppdrettsfisk. Dei vert hybridar. Oppdrettsfisken er gjennom år avla fram for å klare seg godt som husdyr, og har dermed heilt andre genetiske eigenskapar enn villfisken.

— Dette påverkar laksen si tilpassing til livet i naturen. I vårt forsøk har vi til dømes sett at den arvelege eigenskapen for når fisken vandrar ut av elva, vert påverka av oppdrettsgenane, forklarar Skaala.

Den naturlege tilpassinga hos villaks har skjedd over mange år, medan oppdrettslaksen sine genar har vorte endra over få generasjonar som følgje av målretta avl som har gjort den til eit husdyr. Innkryssinga vil medføre at laksen får eigenskapar som er mindre gunstige for overleving i naturen. Det kan medføre redusert produksjon av villsmolt og dernest redusert vill gytebestand.  

— Vi ser altså to effektar av rømt laks, auka konkurranse om maten i elva og redusert tilpassing til livet i naturen. Den første påverknaden er uavhengig av innkryssing medan den andre er konsekvens av innkryssing og endring av arvelege eigenskapar, forklarar Skaala.

DNA-profilar var avgjerande

Elvelaboratoriet i Guddalselva har avanserte innretningar med kontroll på all fisk som vandrar ut eller opp i elva, og det finst berre eit par andre stader i verda der dei kan gjere tilsvarande undersøkingar.

Sidan forskarane hadde DNA profilar på alle foreldre, kunne dei identifisere foreldreopphavet til alle lakseungane som overlevde fram til dei vandra ut av elva, starten på den lange rundturen i Norskehavet. Same metode gav dei også svaret på kven som var foreldra til fisken som seinare returnerte til elva for å gyte.

— Denne beitevandringa kan ta frå eit til feire år, før arveanlegg og hormonelle prosessar styrer dei tilbake mot heimeelva for å laga neste generasjon, dersom dei overlever!  

Referanse:

An extensive common-garden study with domesticated and wild Atlantic salmon in the wild reveals impact on smolt production and shifts in fitness traits. Skaala Ø, Besnier F, Borgstrøm R, Barlaup B T, Sørvik A G, Normann E, Østebø B I, Hansen M M, Glover K A. 2019. Evolutionary Applications. Doi:10.1111/eva.12777