Publisert: 18.12.2019
Prosjektet TUNESAL har fått eit tildeling på 12 millionar frå Noregs forskingsråd sitt havbruksprogram til å forske på såkalla finjustert genredigering.
Tidlegare har forskarane brukt genredigering med CRISPR-metoden til å slå ut og sette inn gen i oppdrettslaks.
– No skal vi forsøke å endre korleis gen er uttrykt. Det kan bety å forsterke ein eigenskap, i dette tilfellet sjukdomsresistens, seier prosjektleiar Rolf Brudvik Edvardsen.
Forskarane vil bruke to av dei kjende virusa som gir sjukdom hos laks, SAV og PMCV, som case. Dei vil finne gen som er viktige for å kjempe mot virusa, og forsøke å styrke uttrykket av dei.
– Vi vil fortsette å utvikle genredigering som middel for å auke berekraft og velferd i akvakultur, seier forskaren.
I prosjektet skal dei også utforske det etiske og juridiske landskapet for bruk av genredigert laks i matproduksjon.
Det franske forskingsinstituttet INRA, Veterinærinstituttet og Universitetet i Bergen er samarbeidspartar.
Rolf Brudvik Edvarsen er glad for å kunne gå i gang.
– Dette er eit felt som går veldig raskt. Vi er i elitedivisjonen innan forsking på genredigering og akvakultur. Løyvinga frå Forskingsrådet bidrar til at vi er med vidare, seier han.