Gå til hovedinnhold

Her får moderkveitene ny bustad til jul


IMG 0194

Kvart å blir stamkveitene strokne slik at dei slepper egg og mjølke. Stryking av ein fisk på 50 kilo kan vere ein krevjande jobb for røktarane.

Fotograf: Kristin Sandvik / Austevoll rørteknikk

Havforskingsinstituttet sine 20 stamkveiter i Austevoll kunne denne veka rutsje inn i sin splitter nye tank.

– Det gamle glasfiberkaret var modent for utskifting. I det nye plastkaret får både kveiter og røktarane det betre, seier stasjonssjef Kjetil Stensland.

Fødd og oppvaksne på havforskingsstasjonen

I Austevoll har HI om lag 20 moder- og faderkveiter, såkalla stamfisk.

Om lag halvparten av dei er klekte på forskingsstasjonen i 2007, mens resten er villfanga.

Hofiskane flest er på 20-50 kilo. Den aller største, ei villfanga hoe, er 80 kilo.

Krev rutsjebane

– Det er ikkje berre å løfte dei, forsikrar forskar Birgitta Norberg.

Kveitene er også såpass store at dei kan slå både folk og seg sjølv dersom dei blir haldne over vatn. Derav rutsjebanen.

Foto: Kristin Sandvik / Austevoll rørteknikk (som har oppdraget med å installere kara)

Får meir liggeplass

Det nye karet har heilt flat botn. Det likar kveitene betre enn slak helling.

– Dei vil ikkje sige inn mot midten, og vil i praksis få meir plass. Stemninga blir også betre kveitene seg i mellom når alle har like gode plassar å ligge, forklarer stasjonssjef Stensland.

Det er gangveg rundt karet, sånn at røktarane kan inspisere kvar enkelt kveite. Då vil det også bli lettare å sjå når kveitene er klare for å sleppe egg.

Gir opphav til fisk og forsking

Det er fleire grunnar til at Havforskingsinstituttet har eigen stamfisk.

– Vi forskar på kveiter i alle livsstadium. Frå egg og larvar til stamkveitene sjølv. Som med alle husdyr er det viktig med godt avlsmateriale, forklarer forskar Birgitta Norberg.

Forskinga i Austevoll har også bidrege til at kveiteoppdretten no veks.

Har knekt koden

– Det skuldast dels det er betre tilgang på yngel og settefisk, men også at det i all hovudsak er hofisk som no blir oppdretta. Dei blir seinare kjønnsmodne enn hannfisken som då sluttar å vekse, forklarer Norberg.

I samarbeid med næringsaktør Sterling White Halibut har Havforskingsinstituttet tilpassa metodane som sørger for at alle egg resulterer i hofisk.

– Det oppnår vi med å hormonbehandle hofisk tidleg i livet, slik at dei utviklar seg til hannfisk på «utsida», at dei produserer mjølke. Då kan du pare hofisk med hofisk, som igjen berre får hofisk som avkom, avsluttar Norberg

Ung oppdrettskveite (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Totalt skal forskingsstasjonen i Austevoll få tre nye stamfiskkar som er finansiert gjennom infrastrukturmidlar frå Norges forskningsråd og EU-nettverket European Marine Biology Resource Centre (EMBRC). Austevoll Rørteknikk har oppdraget med å skifte ut dei gamle kara til nye, sertifiserte kar.