Publisert: 11.06.2019
I forsøkshallen er det travel, men koordinert aktivitet.
Kjeledresskledde forskarar og teknikarar jobbar konsentrert gjennom arbeidsoppgåvene;
Løfte fisken ut frå digre kar med håv, bedøve den. Vege, måle, ta blodprøve.
Slakte, hente ut øyresteinar og hypofyse. Vege og måle kvar enkelt del; rogn eller melke, lever, innvollar. Gjenta på neste fisk.
Det langvarige forsøket er inne i sin siste dag. Dei var seint ferdige i går; det blir seint i dag òg.
133 forsøkstorskar skal prosesserast før teamet kan pakke saman.
– Det har blitt nokre lange dagar her inne, men det gir meg viktige data å forske på, smilar postdoktor Maud Alix.
Denne vinteren har ho vore meir inne i forsøkshallen enn utanfor.
Det byrja i september i fjor; fisk vart fiska opp og plassert i store kar på HI sin forskingsstasjon i Matre i Nordhordland.
Vatnet i dei ulike kara haldt ulik temperatur – nokre fisk hamna i smått kjølige tre grader, nokre i seks, andre i behagelege ni, medan den siste gruppa fekk det varmaste vatnet: 12 grader.
– Det store målet vårt er å finne ut korleis klimaendringane påverkar torskens reproduktivitet, fortel Alix.
Den store spenninga knytte seg difor til kva som ville skje med dei ulikt tempererte torskane då gyteperioden starta i januar.
Egga torskane har gytt, har blitt filtrert ut av karet med sjøvatnet som sirkulerer i karet, og fanga opp i eit eige nett på utsida.
– Det vi har sett frå første stund, er at egga til torsken i det varmaste vatnet, er av svært dårleg kvalitet, fortel postdoktoren.
Det betyr at det er langt mindre sjanse for at egga overlever fram til vaksen fisk.
Men jobben er ikkje ferdig for det om det fysiske forsøket blei avslutta ein overskya aprildag i Matre.
– No har eg starta å analysere alt materialet, fortel Alix.
Blodprøvene skal til hormonanalyse. Øyresteinane skal lesast av for å avsløre fiskens alder.
Og, ikkje minst – hypofysen, som nøysamt vart reinska på arbeidsbenken i forsøkshallen, skal analyserast.
Reproduksjonen sitt nemleg «i hovudet» på torsken også. Alix skal undersøke om det er forskjellar i hormonbalansen hjå fiskane som har levd i ulike temperaturar.
– Vi trur det blir store endringar i gyteområda i Nordsjøen i framtida, seier forskingssjef Olav Sigurd Kjesbu.
Han leiar SCALECLIM-prosjektet, som torskeforsøket er ein del av.
Målet med prosjektet, som er finansiert av Forskningsrådet, er å finne ut korleis torsken vil reagere på varmare havtemperatur og andre klimaendringar.
– Torsken sjølv har det ikkje så ille i varmt vatn, men hoa er svært kresen på temperaturen når ho skal gyte. Det er derfor ikkje så rart, det vi har sett i forsøket, at torskeegga blir av dårleg kvalitet når det er for varmt.
Dårleg kvalitet på egga betyr at færre vil overleve fram til dei er vaksne fisk.
– Det ein kan tenke seg, er at torsken vil trekke lenger nord enn før for å gyte. Det er allereie kjent langs Norskekysten i varme og kalde periodar. Men, om nokre år vil kanskje ikkje torsken gyte sør i Nordsjøen i det heile, berre i den nordlege delen.
– Det er ei radikal endring for tilhøva til fleire av torskestammane, avsluttar Kjesbu.