Publisert: 19.11.2019 Oppdatert: 20.11.2019
I dag kom «The Future of Food from the Sea» – det første av i alt 16 såkalla Blue Papers bestilt av Høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi (sjå faktaboks).
Artikkelen konkluderer med at betre forvaltning og teknologiske nyvinningar kan gjera det mogeleg å hausta og produsera meir seks gonger meir mat frå havet enn det vi hentar i dag. Det utgjer meir enn to tredelar av det animalske proteinet som trengs for å metta den veksande befolkninga på jorda.
– Dette er ein viktig rapport som baserer seg på god kunnskap – og som tar dette vidare og ser på kva potensial havet har og kva som er utfordringane, seier forskingsdirektør Geir Huse på Havforskingsinstituttet (HI).
HI er ikkje på forfattarlista, men stiller i Roma med forskingssjef Peter Haugan, som er ein av leiarane i ekspertgruppa til høgnivåpanelet. Einaste norske forfattar til dette første Blue Paper-et er Linda Nøstbakken frå NHH.
Den gjengse oppfatninga har vore at taket er nådd i dei ville fiskeria. Ekspertrapporten hevdar derimot at – forutset at dei naudsynte endringane skjer – så er det mogeleg å ta ut 20 prosent meir enn det som i dag vert fiska på verdsbasis. Det er likevel på oppdrettsida at det største potensialet ligg. Men også her må det skje eit skifte – spesielt når det gjeld fôr og miljøpåverknad.
– Noreg har investert mykje i havforvaltning, og det får vi igjen i form av berekraftig ressursutnytting med god avkasting. Vårt forvaltningssystem er forskings- og kunnskapsbasert, og byggjer i tillegg på reguleringar og kontroll av næringane. Denne modellen kan heilt klart bidra til å løysa ein del av dei utfordringane ekspertrapporten peikar på, seier Geir Huse.