Gå til hovedinnhold

Polartorsken får problem når isen forsvinn


polartorsk Peter Leopold

Polartorsk er ein såkalla isavhengig art. Medan det er eit lite, kommersielt fiske etter polartorsk frå russisk side, er det først nokså nyleg at fiske etter polartorsk blitt tema i Noreg. 

Fotograf: Peter Leopold, etter avtale

Polartorsken, den arktiske fetteren til torsken, er ein nøkkelart i det nordlege Barentshavet. Derfor kan det rokka ved heile økosystemet når gyteområda til polartorsken krympar på grunn av minkande isdekke.

Som menneskemat er den beinete, knapt 100 gram tunge fisken ikkje ettertrakta. Men over 20 fiskeartar, frå den vesle pukkelringbuken til den store håkjerringa, et meir enn gjerne polartorsk. Det gjer også sjøfugl, sel og kval.

Bestanden har minka

Men no ser det mørkt ut for polartorsken. Sidan 2000-talet er mengda polartorsk som held til i Barentshavet redusert frå 2 millionar til 0,3 millionar tonn. Kortlevde fiskeartar som polartorsken kan variera mykje i mengde, men i dette tilfellet er det meir enn naturlege svingingar som gjer at bestanden har stupt dramatisk. Isreduksjonen spelar truleg også ei viktig rolle. Polartorsk-egg er nemleg heilt avhengige av is for ei vellukka utvikling. 

Har funne hovudgyteområdet

– Vi veit no at det søraustlege Barentshavet – det eine av dei to gyteområda til polartorsken –  forsyner storparten av utbreiingsområdet med larver og yngel. Der har det minka kraftig  på isen og det får følgjer for polartorsken i heile Barentshavet, fortel forskar Elena Eriksen frå Havforskingsinstituttet. Ho er blant forfattarane på to nye studiar som har sett nærare på stoda for polartorsken – ein art som det tidlegare har vore forska lite på.

Treng is i eggstadiet

I motsetnad til torsken, som kan gyta inntil 5 millionar egg på eitt år, har polartorsken relativt beskjeden eggproduksjon. Det kompenserer arten for med å gyta store egg.
 
– Egga til polartorsken har ei ganske tynn hinne, og er avhengige av gode isforhold  som vernar dei mot slitasje frå bølgjer, virvlar og straumar i sjøen. Dessutan treng egga tid på å utvikla seg, og det gjer at dei har behov for is så lenge som mogeleg. Temperaturen er også meir stabil under isen, og det aukar sjansen for overleving, forklarar Elena Eriksen.

Rett mat i rett storleik til rett tid

Men det er ikkje berre is som trengs for å fostra ein god årsklasse med polartorsk. I det dei klekkjer frå egga, må larvene ha næringsrik mat lett tilgjengeleg. Som for andre nyklekte fiskelarver, er det dyreplankton som gjeld. Tilsvarande er dyreplanktonet avhengig av rett mat til rett tid – dei beitar på planteplanktonet som blomstrar opp når lyset kjem i det mørke nord. Dersom polartorsk-egga klekkjer for tidleg eller for seint i høve til perioden med mest dyreplankton av rett storleik, kan det enda i ein svoltkatastrofe for polartorsk-larvene.

Pressa frå fleire hald

Med klimaendringane blir polartorsken pressa frå fleire hald – både direkte og indirekte, seier Elena Eriksen.
 
– Redusert isdekke fører til mindre gyteområde, og i neste omgang blir egg, larver og yngel også meir konsentrert. Tyngdepunktet for gyteområda flyttar seg nordover, og vi kan få ein situasjon der polartorsken trekkjer ut av Barentshavet og inn i Karahavet. Det er dårleg nytt for alle Barentshav-artane som lever av polartorsk.

Her kan du lesa artikkelen:

Eriksen, E., Huserbråten, M., Gjøsæter, H., Vikebø, F., & Albretsen, J. (2019). Polar cod egg and larval drift patterns in the Svalbard archipelago. Polar Biology, 1-14. LENKE: https://doi.org/10.1007/s00300-019-02549-6