Publisert: 15.04.2020
– Vi generer stadig meir data, om alt frå alger og botnforhold til havtemperatur og store fiskebestandar. Våre data skal vere opne og tilgjengelege, og det er ein fordel for oss at dei også kan brukast av andre. Vi ønskjer difor å skape best moglege dataløyper – frå forskingsfartøy og observasjonsplattformar og ut til ulike brukarar. Dette krev stor datakompetanse i organisasjonen, seier fagdirektør Geir Huse.
Han er glad for at Havforskingsinstituttet i dag kan lysa ut den nyoppretta stillinga som direktør for HI Digital, med ansvar for heilskapleg og effektiv bruk av IKT og digitalisering av instituttet. Sjå utlysinga her.
Instituttet sin IT-seksjon og Norsk marint datasenter (NMDC) vil flyttast inn under den nye avdelinga, i tillegg til ein nyoppretta seksjon for digital utvikling.
– Digitalisering er eit område som til no har vore spreidd på ulike delar av organisasjonen. I tillegg ser vi at utvikling av programvare blir meir og meir viktig for oss, og der har vi for lite kapasitet i dag. Her vil vi både overføre folk frå andre seksjonar og bemanne opp, seier Huse.
Eit av områda som peikar seg ut med stort behov for utvikling framover er maskinlæring, eller «kunstig intelligens», som kan brukast til automatisk analyse av data. Blant anna kan ei programvare lærast opp til å identifisere ulike artar frå bilete som blir samla inn av fotoboksar eller sjølvgåande farkostar med kamera.
Det sparer forskarane for manuelt arbeid. Men det krev tung IT-kompetanse i organisasjonen, som den nye avdelingsdirektøren blant anna skal bidra med.
Den nye data-avdelinga startar heldigvis ikkje med blanke ark. Havforskingsinstituttet har dataseriar som strekkjer seg mange tiår bak i tid, og har også i lang tid jobba med digitalisering og utvikling av effektive dataløyper.
– Dei siste ti åra har vi blant anna hatt prosjektet Sea2Data, der målet har vore å styrke infrastrukturen for overføring av data frå fartøy til land. Vi leier også det nasjonale infrastrukturprosjektet Norsk marint datasenter (NMDC), med 16 ulike samarbeidspartnarar. No samlar vi ansvaret for dette under ein ny digital direktør for å styrke arbeidet vidare, seier Geir Huse.