Gå til hovedinnhold

Følger med på mjuk makrell

Kudoa-parasitten gjer makrellfilet til gelé etter at fisken er daud. No aukar HI parasitt-overvakinga for å få eit betre bilde av omfanget.

I 15 år har havforskarane overvaka Kudoa-parasitten hos makrell med eit årleg tokt i Nordsjøen. På det jamne har dei funne den i om lag 1 prosent av makrellane dei har analysert. Men dei to siste åra har 2–3,5 prosent av makrellane vore infiserte.

Parasitten er ikkje farleg for folk eller levande fisk, men øydelegg matverdien i makrellen. Og det først 24-48 timar etter at fisken er daud. Dermed kan infisert makrell sleppe gjennom salsapparatet og hamne i fiskedisken.

Konsekvensen kan vere inntektstap for fiskarane og omdømmetap for fisken på marknaden. (Les også: Denne parasitten gjer fiskekjøtt om til flytande masse)

Vil skaffe meir data

– Vi følger situasjonen, men er forsiktige med å trekke konklusjonar frå eitt tokt aleine. Det er interessante funn som også stemmer overeins med fiskarane sine observasjonar, men eit avgrensa talmateriale, seier forskingsdirektør Geir Huse.

For å bøte på det tar HI no inn parasitt-screening som del av analysane av fangstprøvane frå fiskeflåten.

Gjennom det såkalla fangstprøvelotteriet får HI allereie inn makrell, sild, kolmule, augepål og brisling frå utvalde fiskebåtar. (Sjå faktaboks.) Derfrå får vi utfyllande data om lengd, vekt og alder, og no også parasittar.

Oppmodar alle til å bidra med fisk

Store fangstar har større sannsynlegheit for å bli trekte ut til prøvetaking. Dermed skal prøvane bli representative for fangstane totalt.

–  Fangstprøvelotteriet er eit godt verktøy for å anslå kor stort omfanget av gelemakrell er. I tillegg får vi data om korleis den fordeler seg geografisk, per alder og storleik på fisken, seier Geir Huse.

– Vi oppmodar så mange fiskarar som mogleg til å bidra gjennom lotteriet, fortset han.

Diskuterte med næringa

Torsdag hadde HI eit uformelt møte med representantar frå fiskerinæringa om Kudoa. Parasittolog Arne Levsen gav status på kva vi veit og ikkje veit.

Kudoa er ein myxosporidie, i slekt med nesledyr som maneter. Den gøymer seg inni muskelvevet til fisken. Når fisken døyr, frigjer parasitten eit enzym som bryter ned fiskekjøttet i løpet av eitt til to døgn, fortel han.

– Det er mykje vi ikkje kjenner ved parasitten, for eksempel kva livssyklus den har – altså korleis den spreier seg frå ein fisk til ein annan, og kor i miljøet den kan komme frå. Dette ønsker vi å lære meir om, og har folk på saka, fortset Levsen.

Har oppdaga to Kudoa-variantar i norske farvatn

Han fortel at Kudoa kjem i fleire variantar som føretrekker ulike fiskeslag. Førebels har vi funne to variantar i norske favatn: Kudoa thyrsites i makrell, i tillegg til Kudoa islandica i rognkjeks og steinbit.

– Vi har ein hypotese om at makrellen ikkje blir smitta her, men i dei sørlege farvatna han kjem frå. Men dette må vi bekrefte eller avkrefte, seier Levsen.

I tillegg til fangstprøvelotteriet, kjem HI til å sende med parasittologar på makrelltokta i Norskehavet og Barentshavet om sommaren.

Kudoa er ikkje farleg for menneske, men uappetitteleg. (Paolo Cipriani / Havforskingsinstituttet)

Følger med på oppdrettslaksen

I British Columbia skaper ein variant av «vår» Kudoa thyrsites trøbbel ved at den kan ramme oppdrettslaks.

Forskarane er usikre på om norsk oppdrettslaks kan vere mottakeleg ved direkte kontakt med makrell.

– Ut frå det vi kjenner frå liknande parasittar, mistenker vi at Kudoa treng ein virvellaus mellomvert, for eksempel ein bestemt børstemark. Dette er «the missing link», forklarar Levsen.

Uansett er ikkje Kudoa observert hos norsk laks til no, trass at parasitten i seg sjølv ikkje er noko nytt.

– HI mottar allereie store og representative mengder oppdrettslaks til overvakinga av framandstoff. Vi har aldri registrert «soft flesh» i dei, seier han.