Gå til hovedinnhold

Skal kople forsking og politikk i regjeringa sitt havteam


peter haugan 2

Peter M. Haugan er forskingssjef ved Havforskingsinstituttet og professor ved Universitetet i Bergen. Han var tidlegare leiar i den Internasjonale oseanografiske komité (IOC).

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet

Forskingssjef Peter Haugan blir «lånt ut» frå HI for å arbeide med oppfølging av Havpanelet sine konklusjonar.

– Eg trur dette arbeidet kan styrke forståinga i Noreg av at det er viktig at vi forvaltar havet på ein god måte – ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt. Det er nyttig for Noreg at mange andre land i verda også tenkjer på nokolunde same måten omkring dette, seier Peter M. Haugan.

Forskingssjefen har dei siste åra vore sentral i ekspertgruppa under Erna Solberg sitt internasjonale havpanel. No blir han også sentral i arbeidet med å setje konklusjonane frå havpanelet ut i livet.

Fram til september 2021 er han avgitt som ressurs til Utanriksdepartementet, som leier arbeidet med å samordne norsk havpolitikk på tvers av departementet. Framover skal dei jobbe mykje både nasjonalt og internasjonalt med å følgje opp tilrådingane frå havpanelet, i tillegg til FN sitt internasjonale havforskingstiår, som startar ved nyttår.

Krev stadig påfyll av kunnskap

Ein sentral del av den globale handlingsplanen som Havpanelet har lansert, er å få på plass forvaltingsplanar for ein berekraftig havøkonomi i mange land innan 2025, og helst alle land i 2030.

– Det er krevjande. Også når planane skal brukast, er det ei lang rekke avgjerder som må takast. Det krev stadig påfyll med forskingskunnskap for å forstå økosystema godt nok til å treffe politiske val om slike spørsmål som kor det skal vernast, kor det skal byggast ut og korleis vi skal stoppe forureining av forskjellige slag, seier Haugan, og legg til:

– Eg ser spesielt fram til å jobbe med å få på plass gode prosesser for samspelet mellom forsking og politikk/forvalting. Havforskingstiåret blir ein viktig mekanisme for å få det til.

Les meir om konklusjonane frå Havpanelet: Slik kan havet gi fleire jobbar, meir mat og betre miljø