Gå til hovedinnhold

Forvaltingsplanarbeidet: På’an igjen med SVO-ane


 Elena Eriksen

Elena Eriksen leiar det tverfaglege arbeidet med SVO-vurderingane. Ho har lang forskarerfaring frå Barentshavet, og er for tida programleiar for Barentshavet og Polhavet.  

Fotograf: Christine Fagerbakke/Havforskingsinstituttet

Arbeidet med havforvaltingsplanane rullar og går kontinuerleg. Havforskingsinstituttet leiar arbeidet med dei særleg verdifulle områda.

Stortinget har nett vedteke revidert forvaltingsplan for Barentshavet og oppdatert plan for Norskehavet og Nordsjøen-Skagerak. For Barentshavs-planen var plasseringa av iskanten eit av dei mest omdiskuterte tema. Iskantsonen i Barentshavet har status som SVO (sjå faktaboks).

Les også: Dette veit vi om iskantsona  

På tvers av fag og institusjonar

– Å vurdera kva som er særleg verdifulle og sårbare område er kjernen i arbeidet med forvaltningsplanane, fortel Elena Eriksen. Ho er for tida programleiar for Barentshavet og Polhavet på Havforskingsinstituttet
Om fire år skal politikarane på nytt godkjenna alle forvaltningsplanane – og dermed SVO-ane. Fagleg forum for norske havområde er alt i gang med ein heilskapleg gjennomgang av SVO-ane. Det tverrfaglege arbeidet blir leia av Elena Eriksen. 

– Vi gjer ei grundig miljøvurdering, der vi beskriver desse områda med ny kunnskap og data, vurderer om grensene skal justerast og identifiserer eventuelle nye SVO-ar, forklarar ho. 

SVO-ane blir vurderte etter EBSA-kriterieria (EBSA: Ecologically or Biologically Significant Marine Areas) frå Konvensjonen om biologisk mangfald. Dette gjer arbeidet relevant også i internasjonal samanheng.

Vurderer sårbarheit

SVO-ane skal også vurderast i høve til verdi og kor sårbare dei er for menneskeleg aktivitet og påverknad. Det er ikkje bestemt kven som gjennomfører denne delen av arbeidet enno.
Arbeidet med SVO-ane munnar ut i ein omfattande rapport som går inn i kunnskapsgrunnlaget for forvaltningsplanane. Etter planen skal Fagleg forum vera klar med sitt råd om to til tre år før politikarane får planane til behandling i 2024.  

Les meir her: Forvaltingsplaner