Publisert: 12.05.2020
Havforskingsinstituttet får omdisponere 75 millionar kroner, slik at instituttet kan kjøpe inn USV- og AUV-robotar, farkostar som går enten over eller under vatn og samlar inn data.
– Vi er veldig glade for dette, fordi det vil gi heilt nye moglegheiter for toktaktiviteten vår, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.
– Vi kan for eksempel gjere kystkartlegginga og -overvakinga vår meir effektiv og kontinuerleg, då desse ubemanna farkostane kan gå fortløpande store delar av året og samle inn data. Men samtidig gjer dette oss også endå meir avhengige av kystfartøya våre for effektiv bruk og kartlegging av økosystem og ressursar i kystsonen.
Tidlegare har HI testa ut denne typen teknologi, men den må tilpassast og vidareutviklast. Med den nye satsinga kan farkostane bli ein integrert og nyskapande del av overvakingsaktivitetane på marine ressursar.
– Vi er difor strålande nøgde med at dette no er på plass, men kystsatsinga er framleis avhengig av at vi får på plass fleir kystfartøy, avsluttar havforskingsdirektøren.