Publisert: 07.10.2020
Tidlegare har regjeringa bestemt at Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet skal samlokaliserast i eit nytt bygg på Dokken i Bergen. Onsdag morgon kunngjorde regjeringspartia at dei vil løyva pengar til forprosjekt for bygget i forslaget til statsbudsjett for 2021.
Havforskingsdirektør Sissel Rogne kallar løyvinga for haustens beste nyhende. Ho er svært glad for det klare signalet om å halda god framdrift på samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet på Dokken.
– Å flytta til Dokken er utan tvil det aller viktigaste instituttet har framfor seg. Og det er ikkje tilfeldig at vi stiller med eit forskingsskip som bakgrunn i dag. For oss har det høgaste prioritet å få samla dei HI-tilsette i Bergen og sikra kaifront til alle skipa våre. Det vil også gje ein stor gevinst for havnasjonen Noreg, seier Sissel Rogne.
Tidlegare budsjettnytt: Milliondryss til kystovervaking i statsbudsjettet
Havforskingsinstituttet er i dag spreidd ut på ti ulike bygg i Bergen. Å kunna samla dei tilsette i eit nytt bygg, i tillegg til å ha direkte tilgang til sjøvatn og djupvasskai.
Forprosjektet vil etter planen ta to til tre år. Samla ramme for forprosjektet er 220 mill. Etter ferdig forprosjekt og kvalitetssikring vil regjeringa eventuelt fremja forslag for Stortinget om gjennomføring av prosjektet.