Gå til hovedinnhold

Etneelva live: Følg lakseeventyret frå heimekontoret


foto av to sjøørreter svømmer foran kamera

Stadig meir sjøaure har gått innom fiskefella dei siste åra. Som desse to på veg inn torsdag.

Fotograf: skjermdump frå direktevideoen

HD-kameraet i fiskefella vår i Etne har starta sending for sesongen! Første laks og første sjøaure har allereie kome heim.

Ivrige lakseentusiastar på Facebook fekk raskt med seg at sendinga var i gang – det synte att med eit byks i nettrafikken vår.

Hopp ned til direktevideoen!

– Vi set stor pris på den enorme interessa rundt Etne-laksen og aktiviteten vår på feltstasjonen. Det er viktig for oss at befolkninga, sportsfiskarar og grunneigarar kjenner eigarskap til prosjektet, seier prosjektleiar og forskar Øystein Skaala.

Med live-kameraet kan alle som vil, bokstavleg talt fordjupe seg i straumen frå Etne-elva.

All fisk må innom «grensekontroll»

Feltstasjonen i Etne med fiskefella er ei unik forskingsplattform der vi registrerer blant anna lengd, vekt, kondisjon, alder og DNA hos tilnærma all laks og sjøaure som vandrar opp i elva. (Sjå faktaboks)

Den gjer at HI får absolutte tal for lokal villfisk og rømt oppdrettsfisk, i tillegg til annan viktig dokumentasjon. Eit eksempel er bildemateriale som blir brukt til å trene opp kunstig intelligens til å skilje villfisk frå «tamfisk» og til å bestemme lengd og vekt.

Rømlingane blir samtidig undersøkte for sjukdom og fjerna frå elva.

Dei første fiskane har kome heim

I fjor gjekk den første laksen og den første sjøauren begge inn i fella 3. mai. 

I år var dei tidlegare på han den 22. april. Igjen var det både ein laks og sjøaure i tospann. Laksen vog 5,9 kilo og sjøauren 2,3 kilo.

kollasj av to bilder: Ett av en laks og ett av en sjøørret
Årets to første fiskar gjekk opp i fiskefella torsdag. Laksen til venstre og sjøauren til høgre. (Foto: Kaja Christine Andersen / HI)

Veteranane kjem i første pulje

Når hovudoppvandringa startar om nokre veker, er det veteranane, dei største og eldste fiskane som kjem først. Ein del av desse har vore på eventyr i Etneelva før, og no vender dei tilbake for å prøve seg på nytt. Er du heldig, får du sjå dei direkte.

– Er det ikkje utruleg fascinerande å tenke på at dei er programmerte av DNA-et til å vende tilbake til elva dei vaks opp i? spør forskar Øystein Skaala, som i alle fall er blant dei fascinerte.

Når laksen etter kvart kjem for fullt, er det lokale teamet av forskingsteknikarar i full sving gjennom sesongen.

Lang og tynn laks gjekk feil veg

Ivrige sjåarar kan også ha lagt merke til ein merkt laks som var innom bildet i førre veke. Dette var ein vinterstøing som har gytt og overvintra i elva.

– Du ser at den er lang og tynn. Vinterstøingen er eigentleg på veg ut av elva for å feite seg opp i havet. Kanskje kjem han att for å gyte eit anna år, fortel Skaala.

stillbilde fra videostrømmen - en vinterstøing foran kamera
Vinterstøingen blei merkt same veke i eit anna HI-prosjekt som undersøker laksen si vandring i havet. (Skjermdump frå straumen)

Følg straumen frå heimekontoret

Videostraumen på nettsidene våre har alltid vore populær, og i fjor bleikameraet rusta opp med HD-kvalitet.

Det kan du følge frå sofakroken eller på heimekontoret. Sjå straumen under.

PS: Du finn alltid direktevideoen og meir elve-data på temasida vår for feltstasjonen.

Send oss bilde frå straumen på Facebook! Det vankar ein HI-goodiebag til første bilde av nygått laks.

Straumen i Etneelva akkurat no