Gå til hovedinnhold

Runderopet: – Gjer sjøvegen til hovudvegen!


fire bilder i en kollasj av øya Runde og møtet der
Fotograf: Havforskningsinstituttet og Runde miljøsenter

Erklæringa kjem frå deltakarane på det første Rundesymposiet: aktørar frå akademia, næringsliv, organisasjonar og styresmakter med særleg interesse for havet.

Rundesymposiet er eit todagars møte på Runde miljøsenter, vigd til å diskutere det blågrøne skiftet.

I dei rette omgjevnadane har altså ei rekke aktørar med kunnskap om eller interesse for havet no lagt hovuda i blaut saman om fleire viktige tema. Særleg ei sak var alle samla om, nemleg at sjøvegen er vegen.

Les også: HI etablerer seg på Runde

God plass på Riksveg 1 – men krev betre tilrettelegging

– Det grøne skiftet er faktisk blått. I Norge er vi velsigna med ein blå «superhighway» frå svenskegrensa til russegrensa. Kystlinja er vår riksveg 1 – den mest logiske og berekraftige vegen vi har. Å ta den i større bruk er eit obligatorisk steg i møtet med klimaendringane, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne, som var medarrangør for symposiet.

Erklæringa, eller Runderopet, handlar om å flytte frakta av folk, varer og gods til sjøs, slik styresmaktene også ønsker. Men det er også ein plan på korleis vi kan få fortgang i sakene. Vi kan lese følgande:

...Vi ser at det er behov for betre infrastruktur, funksjonelle fleirbrukshamner og lågutsleppsløysingar. Omstillinga må skje i tråd med effektiv arealbruk og omsyn til naturen.

For å oppfylle målet om meir trafikk frå land til sjø skal vi arbeide offensivt og tverrfagleg med fem sentrale punkt:

  • Heilskapleg politikk for transport og infrastruktur: Vi må fekk frå sektortenkinga, og skape gode system som integrerer dei ulike transportformene på ein effektiv og berekraftig måte. Sjøtransporten må få ein langt større plass i Nasjonal transportplan.
  • Utvikle og ta i bruk ny maritim teknologi og kompetanse som kan setje fart på omstillinga til ein klimanøytral norsk flåte. 
  • Bidra til effektiv logistikk og knutepunkt for reisande og gods: Syte for saumlause overgangar der land og sjø møtes, og transporten skal over på sjøvegen. Her spelar digitaliseringa ei nøkkelrolle; også når det gjeld å utnytte tilgjengeleg data på nye og framtidsretta måtar. 
  • Auke tempoet på elektrifiseringa og bruk av alternative energikjelder – bygge ut naudsynt infrastruktur: Skape eit nettverk av hurtigladepunkt for person- og godstransport til sjøs.
  • Utvikle og ta i bruk automatiseringsløysingar for fartøy: Legge forholda til rette for fjernstyrt og på sikt sjølvgåande skipstrafikk.

Ønskte at symposiet skulle kulminere i ei erklæring

– Luftige idear reddar ikkje verda. Vi ønskte derfor at Rundesymposiet skulle munne ut i eit «statement» med ein handlingsplan, seier den andre verten, Ragnvald Nærø, styreleiar ved Runde Miljøsenter.

Sissel Rogne er glad for høvet til å samle aktørar med relevant kunnskap eller påverknad dei kan bidra med i det grøne skiftet.

– Sjølv har vi på Havforskingsinstituttet stor kunnskap om kystområda i tillegg til erfaringane med å drive eit vitskapleg reiarlag med både bemanna og ubemanna farkostar, seier ho.

Trykk for å lese Runderopet i sin heilskap:

Det grøne skiftet er blått. Sjøvegen er den mest rasjonelle måten å frakte menneske, varer og tunggods på. Riksveg 1 – den norske kystlinja – kan og bør derfor spele ei langt meir sentral rolle for å oppnå berekraftig verdiskaping for Noreg.       

Innan 2030 skal 30 prosent av gods over 300 kilometer over frå veg til sjø og bane, ifølge storting og regjering. Dette gir enorme moglegheiter for menneska som bur og lever langs kysten, for næringslivet og for havnasjonen Noreg.

Deltakarane på Rundesymposiet representerer næringsliv, akademia, organisasjonar og styresmakter, alle med særleg kunnskap om eller interesse for havet. 

Vi vil vere pådrivarar for å få til meir og berekraftig sjøtransport, og  samarbeide aktivt for gode løysingar langs heile verdikjeda. Vi ser at det er behov for betre infrastruktur, funksjonelle fleirbrukshamner og lågutsleppsløysingar. Omstillinga må skje  i tråd med effektiv arealbruk og omsyn til naturen.   

For å oppfylle målet om meir trafikk frå land til sjø skal vi arbeide offensivt og tverrfagleg med fem sentrale punkt:

  • Heilskapleg politikk for transport og infrastruktur: Vi må fekk frå sektortenkinga, og skape gode system som integrerer dei ulike transportformene på ein effektiv og berekraftig måte. Sjøtransporten må få ein langt større plass i Nasjonal transportplan.
  • Utvikle og ta i bruk ny maritim teknologi og kompetanse som kan setje fart på omstillinga til ein klimanøytral norsk flåte. 
  • Bidra til effektiv logistikk og knutepunkt for reisande og gods: Syte for saumlause overgangar der land og sjø møtes, og transporten skal over på sjøvegen. Her spelar digitaliseringa ei nøkkelrolle; også når det gjeld å utnytte tilgjengeleg data på nye og framtidsretta måtar. 
  • Auke tempoet på elektrifiseringa og bruk av alternative energikjelder – bygge ut naudsynt infrastruktur: Skape eit nettverk av hurtigladepunkt for person- og godstransport til sjøs.
  • Utvikle og ta i bruk automatiseringsløysingar for fartøy: Legge forholda til rette for fjernstyrt og på sikt sjølvgåande skipstrafikk. 

Runde, 27. august 2021


Sissel Rogne i samtale med Rangvald Nærø
Sissel Rogne i samtale med Rangvald Nærø (Foto: Johannes Kjær Madsen / RMS)