Publisert: 24.02.2021
Etter ein anbodskonkurranse er det no klart at det er firmaet Nor-Mær som får oppdraget med å levere nytt sjøanlegg til forskingsstasjonen i Austevoll.
– Vi har hatt ein grundig runde med to tilbod som begge scora godt. Totalt sett kom Nor-Mær sitt tilbod best ut, seier stasjonsleiar Kjetil Stensland.
Pris og kvalitet var vekta med 40 prosent kvar og levering med 20 prosent.
Etter kontraktsignering vil sjøanlegget ha 13-15 månadars byggetid, før det kan erstatte dagens anlegg.
– Og det ser vi fram til. Anlegget vi har i dag er 20 år gammalt, og det er om lag forventa levetid, seier Stensland.
Det nye anlegget vil bli ei oppgradering både for arbeidarane og akvakulturforskinga i Austevoll.
– Det skal vere truck-fritt for betre HMS, med 4 meter brei hovudbrygge og breiare landgangar rundt fiskebura, seier stasjonsleiaren.
– Midt på anlegget får vi ein open plass til å jobbe på, for eksempel til veging og måling av fisk, fortset han.
Den største synlege endringa blir ei flytekai i bakkant med tilrettelegging for ein heilelektrisk arbeidsbåt. Også andre båtar vil kunne legge til her, slik som dei minste havforskingsfartøya.
Det vil framleis vere 16 fiskebur, men heile anlegget vil ha betre flyteevne.
– Dette gjer at vi også kan køyre forsøk med luseskjørt, lukka nøter eller andre ting som tynger ekstra ned, forklarer Stensland.
Det blir eige opplegg for automatisk fôring, slik at teknikarane ikkje treng å frakte fôrsekkar. I tillegg vil alt av data, straum og andre tilkoplingar gå i eigne, integrerte kabelkanalar.
– Det blir kort sagt eit miljøvenleg, godt og trygt anlegg til framtidas forsking. Vi skal automatisere det vi kan, og samle inn data mest mogleg effektivt, seier Stensland.