Men denne pigghåen er ikkje blant dei - den var for ung til å vere gravid. Her med havforskar Otte Bjelland.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetPå merketeamet er Gunnar Didrikssen (til venstre), Otte Bjelland, Jan Hinriksson og Keno Ferter (ikkje på dette bildet). Båten er nye "Emmy Egidius" som same gjengen brukte til å merke makrellstørjer i fjor haust.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetMerkesjef Keno Ferter har stått nokre timar på dekket til "Emmy Egidius".
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetForskingsteknikar Jan Hinriksson er stongfiskeekspert og har fanga dei fleste pigghåane som har blitt merka.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetForskarane brukar sirkelkrok egna med blekksprut eller sild. Begge agntypane var effektive.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetKeno Ferter med hai som kvalifiserer til ultralydundersøking.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetForskarane fører sonden over magen - slik du gjer på ein kvar ultralydundersøking.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetPigghå-fosteret ligg opp ned på bildet: Den mørke bogen er munnen og under ser du auget som ein kvit prikk. Sjå animasjon lengre nede i teksten viss du slit med å tyde bildet.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetForskarane festar pop-up-merket med ein metode utvikla for ål av forskar Finn Økland ved NINA. To trådar sikrar to festeplater på kvar side av haien (Sjå video)
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetTil slutt gjer dei ein grundig inspeksjon av haien: At den er frisk og rask og at merket heng som det skal.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetPublisert: 19.01.2021 Oppdatert: 18.07.2022
Pigghåen er ein mystisk hai. Etter eit historisk overfiske i Atlanterhavet er han no freda. Men det kan samtidig vere ei utfordring for fiskarar å unngå å fange han.
Haien kan nemleg opptre i store, lokale stimar som gjerne finn vegen inn i garnet.
– Situasjonen for pigghåen har betra seg dei siste 20 åra. Men bifangst er eit problem langs Norskekysten. For å finne smartare måtar å bygge opp bestanden, må vi finne ut korleis vi kan beskytte dei viktige, gravide hoene og kommande generasjonar, seier haiforskar Claudia Junge.
– Kanskje kan det vere eit bidrag til å kunne føreslå meir målretta tiltak enn eit totalforbod mot fiske. For eksempel område- eller sesongbegrensingar, slik vi har for nokre andre artar.
Då er første spørsmål: Kor er dei potensielt uvurderlege fødsels- og oppvekstområda deira?
Pigghå føder nemleg levande ungar og går gravide med kvart kull i opptil to år.
For å finne «fødestova», har havforskarane no for andre året festa satellittmerke på høggravide pigghåar. Det er havforskar og merkeekspert Keno Ferter som har hatt oppdraget.
– I fjor var merka programmerte til å henge på i seks månadar. Vi ser at det var litt snaut, så no har vi auka til eit år, forklarer han.
Merka heng fast, loggar data, løyser seg ut og sender informasjon heim via satellitt. Då kan forskarane rekonstruere svømmeruta til fiskane. Det er same type merke forskarane brukar på makrellstørje og laks.
I pigghåjakta har Ferter og merketeamet utstyrt seg med fiskeutstyr, men også ultralydapparat.
– Vi må vite at pigghåane ikkje berre er gravide, men også i siste halvdel av svangerskapet. Elles risikerer vi at merka løyser seg ut før haiane har født, seier han.
Og viss du syns det er vanskeleg å sjå noko som helst når entusiastiske, kommande menneskeforeldre viser deg ultralydbilde, skal du prøve å tolke eit pigghåfoster. Men her får du litt hjelp:
Etter tips frå lokale fiskarar i fjor, har forskarane funne seg ein fast pigghåplass i Langenuen, mellom Austevoll og Tysnes i Vestland fylke.
Utfordringa er at pigghåen kan gå i stimar fordelt på kjønn og alder. Du kan treffe blink, eller dra opp hannfisk eller ungfisk. Det skulle vise seg problematisk å finne fiskar i rett «livsituasjon» under årets merking.
– Det blei seine, kalde kveldar med mange små hoer mellom dei store, gravide fiskane. Men vi kom i mål og har no festa dei fem merka vi hadde tilgjengeleg, seier Ferter.
– Vi fiskar med sirkelkrokar med nedklemt mothake, ein veldig skånsam fangstmetode. Sidan ingen av merka har løyst seg ut før tida, veit vi at haiane svømmer fint vidare.
Om det som forhåpentlegvis blir eitt år, får forskarane epost frå merka med data som avslører kor haiane har svømt.
(Havforskningsinstituttet har nødvendige løyve til å fange og merke pigghå.)