Publisert: 26.05.2021 Oppdatert: 27.05.2021
Det har vore samarbeid mellom Runde og Havforskingsinstituttet i fleire år, men no tek dei to partane forholdet eit steg vidare.
Havforskingsdirektør Sissel Rogne er svært nøgd med at forskingssamarbeidet med Runde no kjem inn i meir ordna former.
– Runde miljøsenter er ein unik stad – både med tanke på aktiviteten som skjer her og lokaliseringa. Bokstaveleg tala rett utanfor vindauga utspelar det seg eit økologisk eventyr med sjøfugl som beitar på sild og sil før dei vender tilbake til fuglefjellet og årets ungekull. Landskap, natur og dyreliv på Runde byr på fantastiske rammer for forsking og feltarbeid, seier Rogne.
– I tillegg er regionen eit kraftsentrum for maritim industri og anna framtidsretta næringsliv. Alt ligg til rette for gode synergiar frå dette fellesskapet, legg ho til.
Les også: HI etablerer seg på Runde
Også Herøy-ordførar Bjørn Prytz set stor pris på den nye konstellasjonen på Runde.
– Vi kan få til berekraftig vekst og utvikling med god forsking i botnen. Havforskingsinstituttet og Runde er ein knallgod kombinasjon, som legg til rette for god verdiskaping. No må alle kjenne si besøkstid slik at vi får løfta dette på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, seier ordføraren.