Gå til hovedinnhold

Mann foran hyller med hvalross-skaller

Arkivfagleg rådgjevar Njål Danielsen får endeleg møte skallane han har jakta på historia om. 

Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI

Forteljinga om 196 kvalrosskallar og ein standhaftig arkivar

Bak låste dører og lange korridorar i ein underjordisk garasje, ligg nær to hundre kvalrosskranium på rekke og rad. Kvifor i alle dagar tok havforskarane med seg 196 skallar heim frå isøydet for eit halvt hundreår sidan? 

Det byrja med ein enkelt liten telefon frå Universitetsmuseet i Bergen: 

I samlinga si har museet 196 kranium av kvalross, som skal ha blitt samla inn av Havforskingsinstituttet (HI) på tokt på Svalbard sommaren 1970.

Året etter vart alle skallane gitt til Universitetsmuseet. Kva veit Havforskingsinstituttet om dette funnet? 

Nokre av skallane har blitt satt fram i utstillinga på Naturhistorisk museum, og professor Anne Karin Hufthammer vil gjerne finne ut litt meir.  

to hvalrosser ser mot hverandre
To blide kvalrossar slår av ein prat, på øya Moffen i 1981. Arkivfoto: Kjell Arne Fagerheim/HI 

Etterforskinga går i gang 

Arkivfagleg rådgjevar Njål Danielsen veit i utgangspunktet lite om kvalrosskranium, men han anar konturane av ei spennande historie.  

For kvifor i alle dagar har ein gjeng havforskarar dratt med seg nær to hundre skallar frå isøydet i nord til Vestlandets hovudstad? 

Korleis klarte havforskarane å samla i hop så mykje hovud? Og kva skulle dei så med dette? 

Til vanleg jobbar Njål med saksdokument og innsynsførespurnader. No blir han detektiv. 

Første stopp: Kven kan vite? 

Njål byrjar med å tørke støv av instituttets årsmelding for 1970. 

Der står ein einsleg, lita setning om det heile, på side 26: På Moffen ble det samlet ca. 200 hodeskaller av hvalross.

Kort og kvardagsleg, ingen vidare refleksjonar om korleis og kvifor. 

Men slikt triggar jo berre graveinstinktet til ein arkivar.

kvalrossansikt
Det var dyr av denne typen: Kvalross på øya Moffen, 1981. Arkivfoto: Kjell Arne Fagerheim/HI 

Øya Moffen - ein gamal fangstad 

Njål kontaktar instituttets fremste sjøpattedyrekspertise. Sidan Havforskinga er Havforskinga, er det ein god del på den e-postlista, for å seie det slik. 

Men den eine var billettør på ei ferje i Vesterålen i 1970, den andre gjekk i bleier i Sverige.

Den tredje derimot, nyleg pensjonerte Arne Bjørge, kan fortelja meir om åstaden: Moffen. 

Moffen er et gammelt fangststed for hvalross nord for Vest-Spitsbergen. Den lille «øya» er en morenerygg bestående av små, rundslipte steiner.

Den er nå naturreservat, med ilandstigningsforbud for å beskytte et viktig hvalrosshabitat.

Selv i dag kan en finne rester etter den historiske hvalrossfangsten, hodeskaller der de lange støttennene er fjernet.

Arne har attpåtil vore på Moffen sjølv, i 1979. Moffen ligg nord for Spitsbergen, og har vore freda sidan 1983 - det er ikkje lov å nærma seg øya i sommarsesongen. 

Mann i rød jakke spaserer forbi syv hvalrosser.
Arne med kvalrossar på Moffen. 

Nips eller på bestilling?  

Skattejegeren vår kan dermed slå fast nokre fakta: 

Havforskarane har vore på tokt, gått i land på øya Moffen, ved ein gamal fangststad. 

Der samla dei inn ein haug kranium, utan støyttenner, sommaren 1970. 

Men kven og kvifor? Universitetsmuseet føreslår at kanskje det var litt tilfeldig? At forskarane snubla over det heile og tok med seg funnet heim, noko som gir ny meining til ordet «turistnips». 

Havforskar Nils Øien tipsar om at det kan vera verdt å ta ein tur i Statsarkivet:

Sjøpattedyrseksjonen hadde i tidligere tider også undersøkelser på isbjørn, hvalross og seler.

Torger Øritsland var seksjonsleder for Sjøpattedyrseksjonen i en mannsalder med et særlig hjerte for Vesterisen.

Han etterlot seg, i likhet med de mange andre som reiste på tokt for avdelingen, en bunke dagbøker som for noen år siden skiftet oppholdssted fra seksjonens kjellerlager til Statsarkivet. 

– Alle skulle hatt ein kjenning i Statsarkivet 

Statsarkivet i Bergen er eit staseleg, kvitkalka bygg, med ein triveleg liten benk ved inngangen. 

Her kan tilsette krype ut frå sine tettpakka reolar for å slå av ein prat med gamle venner – som ein nysgjerrig og litt røyksugen arkivar frå Havforskingsinstituttet. 

to menn smilende på en benk ute i solen
Venner for livet, sånne er gode å ha-a. Spesielt på Statsarkivet. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

For arkivjegarar held saman. Njål har eigne kontaktar på innsida av denne arkivas høgborg.

Med få omvegar losar Audun Bergstrøm tjommi Njål rett fram til dei verkelege godsakene:  

I tettpakka pappkasser finst det toktrapportar, ja til og med eit kart der forskingsfartøyets rute er ført inn med blyant.

mann tar opp papirmappe fra pappkasse sittende i lesesal
Godsakene: I Statsarkivet finn Njål både eitt og hitt av dokumentasjon på toktet til Moffen sommaren 1970. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

I toktplanen står det tydeleg og klart kva som var denne ekspedisjonen sitt føremål.

Ein skulle telja selungar og gjera vitskaplege undersøkingar på klappmyss, og... ein skulle sanka kranium på Moffen. 

Ikkje turistnips. Men ein planlagt aksjon. 

mann holder et eldre kart foran ansiktet
På kartet er toktruta teikna pent inn med gråblyant. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Skallesanking i midnattssol

Djupast i pappkassa finn Njål sjølve krona på verket: Toktleiar Torger Øritsland – for Nils hadde rett, det var han – sin eigen journal, sirleg ført med den finaste løkkeskrift, der han fortel om innsamlinga på Moffen; 

Dei rodde i land den 23. juli 1970, klokka 02.30.

Dei sanka inn mange, mange skallar – før dei så gjekk seg ein aldri så liten spasertur på øya på morgonkvisten. 

Knoklane antok dei at stamma frå kvalrossfangst «frå midten av førre hundreår». 

Halv sju på morgonen dreg dei frå øya igjen.  

tettskriven dagbokside
Toktlederen skreiv ein utførleg journal på reisa. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Oppdraget var planlagt, men kven ønska seg skallar? Var det Universitetsmuseet som hadde bestilt kvalrosskranium til utstillinga si? Her gir ikkje journalen til Øritsland Njål noko svar. 

Hanneke hiv seg rundt 

Etter lang dags ferd mot skallesvar, kjenner Njål at det er på tide å faktisk sjå dei heile faktajakta har handla om. 

Men det er sommar. Varmen ligg som eit tjukt ullteppe over den elles så fuktige Bergenshalvøya. Professoren som tente gnisten til skattejakta, er på ferie.

Njål fekk lett til å ta seg inn på Universitetsmuseet, der han fann eit lite utval av skallane, men kor er resten?

mann ser på skaller på vegg
Nokre av kvalrosskrania er utstilt på Universitetsmuseet. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Museumsvertane seier at skallesamlinga er på magasinet, men kor er magasinet, og korleis kan Njål smyge seg inn dit? 

Løysinga ligg i telefonen. Kollegaer av professoren blir lokalisert. Det viser seg at førsteamanuensis Hanneke Meijer er både sporty og spontan. 

kvinne og mann foran garsjeinnkjørsel
Døropnar: Henneke slepp Njål inn i Realfagsbyggets underjordiske skattkammer. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

– Velkommen inn, velkommen inn, smilar Hanneke, medan ho i lett joggetempo fører Njål djupare inn under Realfagbygget, gjennom krinklar og krokar under bakkenivå.  

kvinne og mann går ned lang hvit gang
Inn i hjarta: Henneke losar Njål trygt fram. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Bak tunge dører, inn i eit lager med svalande bris frå klimaanlegget, bak hyller på hyller med tørka reinsdyrknoklar, blåkvalkjeve og etter sigande eit løveskjelett som var eigd av Napoleon Bonapartes nevø; Der er dei.  

Fint plassert etter kvarandre i reolen; fordelt på fem etasjar, nummerert med tusj, ribba for støyttenner.

Sanka inn av Havforskingsinstituttet, på ei aude øy omtrent så langt nord ein kan fara, for over femti år sidan. Av Torger Øritsland og hans mannskap, som etterpå gjekk seg ein liten tur, midt på natta. 

mann og kvinne ser på hyller med kranium
Første møte: Etter lange, svette dagar på skattejakt, får Njål endeleg treffa dei som står midt i kjerna for oppdraget: Kvalrosskrania. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

– Min tidlegare kollega, Gunnar Langhelle, har snakka litt om desse kvalrosskrania, seier Hanneke. 

– Sa du Langhelle?   

kvinne smiler mot mann, knokler på hylle bak
Når Henneke fortel om sin no pensjonerte kollega Gunnar, ringer det ei bjelle hjå Njål. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Ein son ringer sin far 

– Hei Erlend, har du ein far som heiter Gunnar, og som kan ha vore opptatt av 196 kvalrosskranium? 

Avdelingsingeniør på forskingsgruppe Botnfisk ved Havforskingsinstituttet svarar bekreftande, om enn noko overraska, på spørsmålet.

Samtidig blir han ikkje heilt sett ut. På Havforskinga er trass alt mange arveleg belasta med marinbiologi, i generasjon etter generasjon. 

to menn i stoler ler, telefon på bordet foran de
Erlend ringer Gunnar – som hugsar godt at han merka noko skrale skallar frå Havforskinga for 52 år sidan. Foto: Stine Hommedal/HI 

Gunnar Langhelle levde eit fullt og fargerikt yrkesliv ved Universitetsmuseet, fram til han pensjonerte seg for nokre år sidan.

Han rakk også på å vera med Havforskinga på mange tokt, for å læra frå seg artsidentifisering. Første gongen fekk han ikkje tokttillegg, men drog likevel, fordi det var så gøy.  

–  Og eg byrja på Universitetsmuseet i 1970, seier han sjølv, då sonen slår på tråden. 

– Eg hugsar eg var med og tok imot desse kvalrosshovuda. Dei var skrale, helst i dårleg stand, og dei mangla jo tennene. Det blei min jobb å nummerera dei, vanlegvis merka vi hovuda, men desse var såpass skrøpelege at eg måtte skriva på dei med ein tjukk filtpenn.

skalle med tusj-skrift på
Gunnar si skrift: Gunnar Langhelle hugsar å ha vore med på å ta i mot skallane frå Havforskinga – og fått jobben med å nummere dei. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Men Gunnar veit ikkje korleis det kom i stand. Han trur ikkje at det var Universitetet som ynskte seg skrale skallar frå Havforskinga. 

To engasjerte vitskapsmenn, frå kvar si side av Atlanterhavet 

Njål sin e-post har byrja å leve sitt eige liv, den dreg frå Bergen og nordover til Tromsø og Norsk Polarinstitutt, før den så landar austpå, hjå professor emeritus Øystein Wiig ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. 

Øystein har eim doktograd i skallar frå 1992, som han tok ved nettopp Universitetsmuseet. Og i 1985 jobba han for Torger Øritsland på Havforskinga. 

Torger koplet meg da til et prosjekt på hvalross under ledelse av Bud Fay (Alaska), som da var verdens ledende hvalrossforsker.

I dette prosjektet skulle skallene fra Moffen inngå. Men prosjektet ble dessverre aldri gjennomført. Bud døde i 1994. 

Øystein legg ved gamle papir som Njål stuper rett inn i. 

Der finn han endeleg svar, og alle som har bidratt til å setja saman puslespelet får tilsendt oppsummeringa frå Njål: 

Har lest gjennom dokumentene og ser at det faktisk var Torger Øritsland som tilbake i 1965 selv foreslo til Dr. Francis H. Fay (Bud) å samle inn hodeskaller fra Moffen.

Fay responderte entusiastisk på forslaget og slo fast at en slik samling ville ha stor vitenskapelig verdi. 

Sommeren 1970 lyktes endelig Øritsland å samle inn hodeskallene.

Det foreligger altså ingen formell ekstern bestilling, hele innsamlingen kom i stand på bakgrunn av forslag og diskusjoner mellom to vitenskapsmenn og gode kolleger; Øritsland og Fay.

mann med hvalross i antarktis
Torger Gustav Øritsland ledet sjøpattedyrforskningen ved HI i en "mannsalder". Her er han i felt i Antarktis. Han pensjonerte seg i 2000, og gikk bort i 2013. Foto: Havforskningsinstiuttet, årstall ukjent. 

WANTED: 10 hovudskallar av kvalross 

På mange måtar har Njål si skattejakt komme i mål. 

Han har gravd fram historia bak Universitetsmuseets kvalrosskranium. 

Skallane som har vore på ei lang reise frå det levde kvalrosslivet i nord for halvanna hundreår sidan, og fram til dagens tempererte reol. 

Spørsmål har fått svar. Mysterium har blitt avmystifisert. 

mann lener seg mot bygg
Han har framleis spørsmål. Om han finn svaret, gjenstår å sjå. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Men eit siste, lite spørsmål nagar framleis arkivaren: Øritsland skriv at han samla inn 207 skallar. Universitetsmuseet har tatt i mot 197, og så sendt ein skalle til Spania. Dei sitt igjen med 196. Kor blei det av dei siste ti hovuda? 

Det er mogleg at historia om kvalrosskrania frå Moffen ikkje er ferdig skriven. 

Sidepanel

Kontakt

Njål Danielsen

Seniorrådgiver
40441458
 MG 6037

Dokumentssenteret ved Havforskingsinstituttet 

  • Dokumentssenteret skal både sikre det samla arkivmaterialet til Havforskingsinstituttet, og gjera det tilgjengeleg. 
  • Arkivarane klassifiserer, kategoriserer og gjer alle typar dokument knytt til verksemda tilgjengeleg 
     
HTTP/1.0 200 OK Server: Zope/(2.13.22, python 2.7.18, linux2) ZServer/1.1 Date: Thu, 25 Apr 2024 17:37:12 GMT Access-Control-Allow-Headers: x-requested-with,content-type Charset: utf-8 Connection: close Access-Control-Allow-Credentials: True Access-Control-Allow-Origin: * Access-Control-Allow-Methods: GET, OPTIONS Content-Type: text/html Forteljinga om 196 kvalrosskallar og ein standhaftig arkivar | Havforskningsinstituttet Gå til hovedinnhold